Gunnhild Eide Sundli () er ein norsk artist. Sundli er mest kjend som songarinna i musikkgruppa Gåte frå 1999 til gruppa vart oppløyst i 2005. Ho er fødd og oppvaksen i Orkdal, og bur no i Trondheim. Ho byrja med kveding som 9-åring, og har sidan vore innom både klassisk- og jazz-song. Ho har eksamen i kveding frå Heimdal videregående skole.
I februar 2006 starta ho som skodespelar med debut i kabareten «Cafe Isogaisa» av Hans Rotmo. Ho held fram i juni med rolla som Anna i Korsvikaspillet i Trondheim. I august spela ho Lucie Nilsdatter Gyldenløve i operaen om Olav Engelbrektsson på Steinvikholmen, før ho deltok i sogespelet «Raud Vinter» i Levanger i september.
Bakgrunnsstoff Intervju i Avisa Sør-Trøndelag 07.09.2005 Intervju i VG 07.09.2005 Intervju i Adresseavisen 08.10.2005 Intervju i Verdalingen 09.01.2006 Intervju i Byavisa i Trondheim 07.02.2006 Nettmøte med Gunnhild Sundli på adressa.no 22.02.2006
Sundli, Gunnhild Sundli, Gunnhild Sundli, Gunnhild Sundli, Gunnhild Kategori:Norske kvedarar