1848 (romartal MDCCCXLVIII) er kjent som eit revolusjonsår. Dårleg økonomi og misnøye med styresmaktene førte til opprør i Brasil og fleire land i Europa. Mange liberalarar trudde at dette var byrjinga på ei ny tid, mange regime trudde det var slutten på deira. Dei tok for det meste feil. Dei fleste revolusjonane blei slått ned utan at folk fekk det noko betre. Revolusjonsåret var likevel eit signal om den mektige sosialistiske rørsla som skulle reisa seg seinare.
Hendingar
Utlandet 24. januar - James W. Marshall fann gull i California og starta gullrush i California. 2. februar - Krigen mellom Mexico og USA ende med at Mexico avstod fleire statar til USA. Avtalen blei ratifisert i Mexico den 19. mai. 21. februar - Karl Marx gav ut Det kommunistiske manifestet. 23. februar - Februarrevolusjonen braut ut i Paris. Revolusjonar braut ut i Tyskland: Rheinland (3. mars), Wien (12. mars), Berlin (18. mars). Revolusjonar braut ut i Italia: Venezia (7. mars), Milano (18-22. mars), og Piemonte (27. mars). 15. mars - Revolusjon braut ut i Pest. 29. mai - Wisconsin blei den 30. staten i USA. 29. juli - Eit irsk opprør i Tipperary blei slått ned av britiske styrkar. 28. august - Mathieu Luis frå Guadelupe blei den første svarte representanten i den franske nasjonalforsamlinga. 3. november - Nederland fekk ny grunnlov. 7. november - Zachary Taylor blei vald til amerikansk president. 2. desember - Ferdinand I av Austerrike abdiserte og nevøen hans, Frans Josef I, blei ny keisar. 10. desember - I Frankrike blei prins Louis-Napoleon Bonaparte vald til den første presidenten i den andre republikken. Treårskrigen mellom Danmark og Tyskland om området Slesvig-Holstein. Krig braut ut mellom engelske styrkar og sikhar i Punjab. Slaveri blei oppheva i Frankrike og franske område. Slaveriet på Dei dansk-vestindiske øyene blei oppheva. Liveigenskap blei oppheva i Austerrike-Ungarn. Sveits fekk sin første federale grunnlov. Praieira-opprøret tok til i Brasil. Nederland, Storbritannia og Tyskland hevda eigedomsrett over Ny-Guinea. Skotske nybyggjarar grunnla Dunedin på New Zealand.
Noreg 13. april: Ålesund fekk status som by. 27. desember - Marcus Thrane starta den første arbeidarforeninga i Drammen. Blaafarveværket, den største industriverksemda i landet, gjekk konkurs. Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik. Henrik Ibsen gav ut det første verket sitt, Catilina. Christian Tønsberg gav ut Norge fremstillet i Tegninger. Myrens verksted vart stifta
Fødde
3. februar: Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08) 10. april: Hubertine Auclert, fransk kvinnesakskjempar 1. mai: Adelsteen Normann, norsk målar 7. juni: Paul Gauguin, fransk målar 12. juni: Nordahl Rolfsen, norsk forfattar 15. juli: Vilfredo Pareto, italiensk økonom 6. juli: Gabor Baross, ungarsk statsmann 19. september: Gunnar Knudsen, norsk statsminister (1908-10 og 1913-20) 8. november: Gottlob Frege, grunnleggjaren av moderne logikk 21. desember: Viggo Ullmann, norsk embetsmann og politikar 22. desember: Ulrich von Wilamowitz-Moellendorff, tysk klassisk filolog
Døde
9. januar: Caroline Herschel, tysk-britisk astronom 20. januar: Christian VIII, konge av Danmark 25. januar: Jacob Neumann, norsk biskop 11. februar: Thomas Cole, britisk-amerikansk målar 23. februar: John Quincy Adams, USA-amerikansk president 30. mars: Jonas Anton Hielm, norsk jurist og politikar 8. april: Gaetano Donizetti, italiensk komponist Peter Flor, norsk politikar 26. mai: Vissarion Belinskij, russisk forfattar 7. august: Jöns Jacob Berzelius, svensk kjemikar. 12. august : George Stephenson, oppfinnar av damplokomotivet 24. november: William Lamb (Lord Melbourne), britisk statsminister 19. desember: Emily Brontë, britisk forfattar