mini|Bristol Brabazon Brabazon-komiteen var ein komite som blei nedsett av dei britiske styresmaktene under andre verdskrigen for å undersøka dei framtidige krava til britisk flyindustri på den internasjonale flymarknaden i det britiske imperiet etter at krigen var over.

Formannen til komiteen var John Moore-Brabazon, som var den første engelskmannen som hadde ført eit motorisert luftfartøy og var innehavar av det første flysertifikatet i Storbritannia. Han hadde vore transportminister, og vart seinare minister for militærflyproduksjon (Minister of Aircraft Production). Han vart i 1942 utpeikt av Winston Churchill til å leia komiteen som uoffisielt skulle få hans namn. Innan komiteen kom i gang, var han utnemnd til baron Brabazon av Tara.

Den første komiteen Komiteen kom første gong saman i desember 1942. Det vart sett opp retningslinjer for kva slags fly ein venta ville kunna vera konkurransekraftige på ein framtidig sivil marknad. Ein såg òg på motortypar. mini|De Havilland Dove Komiteen leverte i februar 1943 si første anbefaling til regjeringa. Ein hadde kome til at britisk flyindustri allereie hadde, eller snart ville ta i bruk, passande flytypar som kunne tilpassast sivilt bruk:

1. Avro York 2. Vickers Warwick 3. og 4. Variantar av Short Sunderland

mini|Vickers Viscount Vidare skulle ein utvikla 5 nye fly:

Type I: eit landbasert langdistansefly for nord-atlantiske flyruter. Type II: eit økonomisk alternativ til DC-3 for europeiske ruter. Type III: eit firemotors landbasert mellomdistansefly for trafikk innan det britiske imperiet. Type IV: eit jetdrevet postfly for trafikk over nord-atlanteren. Type V: eit tomotors matefly for trafikk frå kortbanenettet til storflyplassane, med plass til 14 passasjerar.

mini|de Havilland Comet Produksjonen av desse flya skulle ta til så forte krigsinnsatsen tillét det. Under ingen omstende skulle utviklinga av desse flya gå ut over krigsproduksjonen.

Den andre komiteen Etter innstillingane til den første komiteen, vart det i mai 1943 sett saman ein ny, denne gongen med eit større innslag av folk frå flyindustrien der den første komiteen stort sett bestod av politikarar. Innstillinga hans var mykje meir spesifikk med tanke på kva for produsentar som skulle produsera kva for fly. I tillegg hadde komiteen fylt på med ytterlegare eit par kategoriar. Innstillinga til den andre Brabazon-komiteen kan verta slik summert: TypeSkildringProdusentNamnINord-Atlanteren utan opphaldBristolBrabazonIIEuropeisk transportAirspeedAmbassadorIII aLangdistanse innan imperietAvro693III bMellomdistanse innan imperietAvro690IVRaskt postflydei Havilland106V aTransport/mateflyMilesMarathonV bLett transportDe HavillandDove

Konklusjon Til trass for arbeidet til komiteen, måtte ein tidleg sjå seg slegen av fly som Douglas DC-4 og Lockheed Constellation. Likevel vart eit par av flya som kom ut av arbeidet til komiteen, som de Havilland Comet, de Havilland Dove og Vickers Viscount, ein betinga suksess.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brabazon-komiteen» frå , den 29. september 2018.

Denne artikkelen bygger på «Brabazon Committee» frå , den 2. november 2021.

Bibliografi

Kategori:Andre verdskrigen Kategori:Luftfartshistorie Kategori:Britisk historie