mini|Medlemsstatar (mørkeblått), samarbeidsland (lilla). Det europeiske forsvarsbyrået (EDA: European Defence Agency) er eit samarbeidsorgan for til forsvars- og rustningspolitikk, etablert i Den europeiske unionen.
Det europeiske forsvarsbyrået vart etablert i 2004, som eit instrument i EUs felles tryggings- og forsvarspolitikk. Det har til oppgåve å harmonisera forsvars- og rustningspolitikken i EUs medlemsstatar. Føremålet er vidare å oppnå ei forbetring av den militære kapasiteten i EU og å effektivisera evna innanfor byrået til å handtere krisar. Føremålet er dessutan å effektivisera europeisk rustningsindustri.
EDA hadde per 2018 ca. 140 tilsette, og hovudkontor i Brussel.
Medlemsland og samarbeidsland Alle EU-medlemslanda bortsett frå Danmark deltek i byrået. Etter at Danmark sa nei gjekk landet i staden med på Maastricht-avtala i 1992. Dette var eit nasjonalt kompromiss der landet tok atterhald overfor EU på fire område, mellom dei forsvar. EU godtok dette atterhaldet.
Byrået har samarbeidsavtaler med Noreg (2006), Sveits (2012), Serbia (2013) og Ukraina (2015).
Sjå òg Den vesteuropeiske unionen OCCAR
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Det europeiske forsvarsbyrå» frå , den 21. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2004