Feltpost er det same som militærpost, og vert brukt når militære avdelingar er i felten. Det vert då oppretta feltpostkontor, og post til militære mannskap vert sendt til ei feltpostadresse som er den same uansett kvar avdelinga måtte vera. Mange land nyttar framleis feltpostsystemet.

Norske feltpostadresser mini|Døme på poststempel frå feltpost SN-bataljonen Feltpost har vore brukt i Noreg sidan slutten på 1800-talet. Feltpostnummer vart brukt på Austlandet sidan førre hundreårsskifte. Seinare vart standplassen òg nytta som feltpostkontor, t.d. Heistadmoen feltpostkontor og Gardermoen feltpostkontor. Både britiske og tyske styrkar i Noreg under og like etter Andre verdskrigen hadde sine feltposttenester i Noreg.

I Norbatts første kontingent i 1978 var feltpostnummer enno ikkje teke i bruk, og adresseringen var då slik: NN, 1. TR/KP 3/NORBATT, Den norske SN-styrken i Libanon, OSLO – AVGANG UTLAND. Feltpostnummer gjeve Norbatt frå og med kontingent II.

Norske feltpostnummeradresser etter 1975

Feltpost 100, 0018 Oslo avg. utland: Bataljonstab og Stabskompani, Norbatt, UNIFIL, Libanon (1978–98). Feltpost 101, 0018 Oslo avg. utland: Kompani A (unntatt FMR), Norbat, UNIFIL, Libanon (1978–98). Feltpost 102, 0018 Oslo avg. utland: Kompani B, Norbatt, UNIFIL, Libanon (1978–98). Feltpost 104, 0018 Oslo avg. utland: Den norske kontingentsjefen (Norco) og øvrige norske einingar i Naqoura, UNIFIL, Libanon (1978–98). Feltpost 106, 0018 Oslo avg. utland: Det norske Verkstadskompaniet, UNIFIL, Libanon (1978–98). Feltpost 108, 0018 Oslo avg. utland: Brukt av Kyrkja si Nødhjelp i Kosovo (2004). Feltpost 110, 0018 Oslo avg. utland: Norwegian Task Force (NorTF), KFOR/COMKFOR (2003–2004). Feltpost 111, 0018 Oslo avg. utland: Mek.-troppen, kp. A, Norbatt, UNIFIL, Libanon. Feltpost 112, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003). Feltpost 113, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003). Feltpost 114, 0018 Oslo avg. utland: Brukt av LIS-Helikopter, KFOR. Feltpost 115, 0018 Oslo avg. utland: KFOR (2003). Feltpost 200, 0018 Oslo avg. utland: SFOR og norske mottakarar i Bosnia-Hercegovina (1999). Feltpost 240, 0018 Oslo avg. utland: SFOR, Bosnia og Hercegovina (1996–1998). Feltpost 245, 0018 Oslo avg. utland: SFOR, Bosnia og Hercegovina (1996). Feltpost 300, 0018 Oslo avg. utland: UNOSOM, Somalia (1992–94)

Feltpostnummer ISAF (alle har postnr. 0018 Oslo):

Feltpostkontoret – Feltpost 100 NCC – Feltpost 102 OMLT – Feltpost 103 LATVIA – Feltpost 104 RC/N – Feltpost 105 OMLT KANDAK – Feltpost 106 NSE – Feltpost 107 ROLE 1 – Feltpost 108 NIST – Feltpost 109 PRT – Feltpost 110 NORAF – Feltpost 111 NSE KAIA – Feltpost 112 OMLT KABUL – Feltpost 113 ISAF HQ – Feltpost 114 ZHE – Feltpost 115 NAD – Feltpost 116

Feltpostnummer Operation Unified Protector

Feltpost 330, 0018 Oslo: Norwegian Airwing (NAW) på Kreta (2011)

Andre land

Russland Post og kurérteneste i dei russiske væpna styrkane

Dette er ei teneste med eigne organ, sambandssentralar og knutepunkt og kallast òg for feltjegerpostsamband (FPS) Tenesta inkluderer òg organisering av staber og andre organer samt etablering av framføringsakser for hemmelege postruter. Historia for utvikling av feltjegerpostsambandet (FPS) byrja i 1716 i Det russiske imperiet og har i dag fleire hundre feltpostnummer (FPN) som raskt knyter samband til den enkelte militære eininga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Feltpost» frå , den 28. august 2018.

Bagkrunnsstoff

til Krigs- og feltpostsamskipnaden Torbjørn Larsson-Fedde: Norske militærleirar og deres posthistorie Kategori:Militærvesen Kategori:Postvesen