Vintage er det sjette studioalbumet til Canned Heat. Albumet vart spelt inn i 1966, før bandet gav ut debutplata si, men vart først gjeve ut i 1970. Det vart produsert av rhythm & blues-legenda Johnny Otis og inneheldt Muddy Waters/Elmore James-songen «Rollin' and Tumblin'», som vart spelt inn med og utan munnspelet til Alan Wilson. Desse innspelingane har sidan kome ut på fleire andre utgjevingar, som Don't Forget to Boogie: Vintage Heat (2002), Vintage Canned Heat (1996), Eternal Boogie, Canned Heat In Concert og fleire andre.
Innhald
Medverkande Canned Heat Bob Hite – vokal Alan Wilson – slidegitar, vokal, munnspel Henry Vestine – sologitar Stuart Brotman – bass Frank Cook – trommer
Produksjon Johnny Otis – produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vintage (Canned Heat album)» frå , den 27. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Canned Heat-album Kategori:Janus Records-album