Lonnie McIntosh (), kjend under artistnamnet Lonnie Mack, var ein USA-amerikansk rockemusikar med røter djupt i roots-musikk frå Sørstatane. Sjølv om han gjennom det meste av karrieren sin stod utafor rampelyset, vert han rekna som ein av dei «viktigaste og innverknadsrike» gitaristane i den tidlege rockehistoria, Brown & Newquist, Legends of Rock Guitar, «Lonnie Mack», Hal Leonard Publishing, 1997, s. 24; Sandmel, Guitar World, mai 1984.s. 55–56 ein banebrytar innan bluesrock, og ein av dei beste blue-eyed soul-songarane. See, references in section below entitled «Blue-eyed soul vokal».
Han slo gjennom i 1964 med hitsinglane «Memphis» og «Wham!», og debutalbumet The Wham of that Memphis Man, alle for det vesle Cincinnati-selskapet Fraternity Records. På desse innspelingane introduserte Mack ein nyskapande gitarstil som blanda den etablerte akkord-og-riff-forma frå tidleg rock med «skarpe, aggressive, høglydte og kjappe» bluessoloar. Desse innspelingane har blitt sagt å kraftig heve standarden for rockegitaren.Poe, Skydog: The Duane Allman Story, Backbeat, 2006, s. 10. Mack sine bluesaktige soloar vart ei viktig inspirasjonskjelde for dei gryande sologitaristane innan både bluesrock og southern rock.
Kort tid etter Mack sine innspelingar frå 1963 kom den britiske bølgja, leia av The Beatles. Dette førte til ei brå endring i musikksmaken til mange folk, og mange av dei tidlegare, amerikanske popheltane vart sett til sides, inkludert Mack.Dave Rubin, Inside the Blues: 1942 - 1982, «Rockin' the Blues: Lonnie Mack & Michael Bloomfield», Hal Leonard (Updated Ed., 2007) s. 124. Lite skjede i karrieren hans før 1968, då bluesrocken var på sitt mest populære, og det nyskipa magasinet Rolling Stone publiserte ein artikkel om dei banebrytande bluesrockinnspelingane hans fem år tidlegare. Han fekk kort tid etter ein platekontrakt for tre album med Elektra Records i Los Angeles og byrja å spele på større konsertstadder. Innspelingane hans for Elektra dekte fleire musikksjangrar og la lite vekt på gitarvirtuositeten og bluesrock-retninga hans, med skuffande resultat. I 1971 forlet han Elektra, Los Angeles og kommersiell rock for ein lengre karriere innan country og bluegrass.
I 1985 fekk Mack hjelp av Stevie Ray Vaughan til eit fem år langt comeback innan rock, Brown & Newquist, Legends of Rock Guitar, «Lonnie Mack», Hal Leonard Publishing, 1997, s. 25. inkludert fire album og ein konsert i Carnegie Hall. Han gav ut det siste albumet sitt i 1990, men heldt fram å spele på mindre stader fram til 2004.
Diskografi
Originale studioalbum
1964: The Wham of that Memphis Man! 1969: Glad I'm in the Band 1969: Whatever's Right 1971: The Hills of Indiana 1973: Dueling Banjos (med Rusty York) 1977: Home at Last 1978: Lonnie Mack with Pismo 1985: Strike Like Lightning 1986: Second Sight 1988: Roadhouses and Dance Halls 1999: South (rec. 1978)
Konsertalbum 1990: Lonnie Mack Live: Attack of the Killer V (innspelt desember 1989) 1998: Live At Coco's (innspelt 1983)
Samarbeid År Artist Album1965Freddie KingFreddie King Sings Again1967James BrownJames Brown Sings Raw Soul1970The DoorsMorrison Hotel1974Dobie GrayHey, Dixie1981Ronnie HawkinsLegend In His Spare Time1986Tim Krekel/The SluggersOver The Fence1996Wayne PerkinsMendo Hotel1998Jack HollandThe Pressure's All Mine1999Albert WashingtonAlbert Washington with Lonnie Mack (rec. 1967)2000The Crudup BrothersFranktown Blues2006The CharmainesGigi & The Charmaines (rec. 1962-1963)2007Stevie Ray VaughanSolos, Sessions & Encores (live version of «Double Whammy» rec. 1985)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lonnie Mack» frå , den 22. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:Folk frå Dearborn County i Indiana Kategori:Folk frå Smithville i Tennessee