It er ein amerikansk skrekkfilm frå 2017. Han er regissert av Andy Muschietti og basert på romanen frå 1986 med same namn, som er skriven av Stephen King. Manuset er skrive av Chase Palmer, Cary Fukunaga og Gary Dauberman. Filmen går føre seg om sommaren i 1989, og fortel historia om sju barn i den fiktive byen Derry, Maine, som blir terroriserte av eit mystisk vesen. Romanen It har tidlegare vore filmatisert i 1990.
Filmen har Jaeden Lieberher i rolla som Bill Denbrough, Bill Skarsgård som Pennywise the Dancing Clown og Sophia Lillis, Jeremy Ray Taylor, Finn Wolfhard, Wyatt Oleff, Chosen Jacobs, Jack Dylan Grazer, Nicholas Hamilton, og Jackson Robert Scott i støtteroller. Han premierte i Los Angeles 5. september 2017 og i USA 8. september 2017. I løpet av lanseringa sette filmen fleire rekordar innan bilettsalet og tente inn over 700 millionar USD internasjonalt, mot eit budsjett på 35 millionar.
Ein oppfølgjar er planlagt utgjeven 6. september 2019.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmar frå 2017 Kategori:Filmar frå USA Kategori:Skrekkfilmar