Andrej Borisovitsj Perlov () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Novosibirsk som i 1990 vart europameister og 1992 olympisk meister i 50 km kappgang. Han representerte Sovjetunionen.

Aktiv Perlov vann gullmedaljen på 50 km kappgang under Friidretts-EM 1990 i Split, med Bernd Gummelt og Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland på dei andre medaljeplassane. 50-kilometeren i Tokyo-VM 1991 starta klokka sju om morgonen, grunna høg temeperatur og framfor alt 97 % luftfukt. Etter at Perlov og lagkameraten Aleksandr Potasjov hadde opparbeidd eit klart forsprang, gjekk dei jamsides over mållinja med armane over skuldrane til einannan. Etter målfoto vart gullmedaljen til Potasjov og sølvet til Perlov. Året etter vann Perlov ein klar siger 50 km under Sommar-OL 1992 i Barcelona, med tiden 3.50.13, klart foran meksikaneren Carlos Mercenario og tyske Ronald Weigel.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Gullmedalje – 3.54.36, framom Bernd Gummelt (3.56.33) VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 3.53.09, bakom Aleksandr Potasjov (same tid) OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje – 3.50.13, framom Carlos Mercenario (3.52.09)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrey Perlov» frå , den 5. august 2018.

World Athletics

Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1990 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1991