Carl Peter Værnet () var ein dansk lege som utførte eksperiment ved Buchenwald konsentrasjonsleir under andre verdskrigen.Olivier Charneux, Les guérir, biography of Carl Vaernet in French, Robert Laffont, 2016 () Han utførte ulike eksperiment der han injiserte hormonar i menn sine testiklar for å prøva å «kurera» homofili. Værnet rapporterte til Gestaposjefen, Heinrich Himmler.

Etter krigen blei Værnet arrestert i Danmark og sikta for krigsbrotsverk. 12. november 1945 fekk han hjarteproblem, og rekna for som sjuk til å stå for retten. Det er seinare sådd tvil ved om han verkeleg hadde slike helseproblem. Sjølv om passet hans var blitt inndrage, fekk han det tilbake slik at han kunne dra til Sverige for å få E-vitaminbehandling. I staden flykta han til Brasil og deretter Argentina, der han budde i mange år under sitt eige namn og fortsette hormonforsking si. Danmark prøvde aldri å få han utlevert.

Kjelder

Kategori:Danske legar Kategori:Folk frå Aarhus Kategori:Danske nazistar Kategori:Danskar frå andre verdskrigen Kategori:Nazistar i Sør-Amerika Kategori:Forbrytarar i Holocaust Kategori:Nazi-legar