Frankrike debuterte i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke nesten kvart år sidan, med unntak av 1974 og 1982. Med fem sigrar og ytterlegare 20 topp fem-plasseringar er Frankrike eit av dei mest suksessrike landa i tevlinga. Frankrike er eit av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifiserte til finalen på grunn av dei store økonomiske bidraga til tevlinga. Frankrike har berre kome sist i tevlinga éin gong, i 2014.

Historikk Fleire kringkastarar har stått bak det franske bidraget til Eurovision Song Contest. I dag er det ålmennkringkastaren France 2 som sender Eurovision Song Contest i Frankrike, og som vel det franske bidraget til Eurovision Song Contest.

miniatyr|André Claveau skaffa Frankrike sin fyrste siger i 1958. Frankrike var eit av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, og har berre stått over tevlinga ved to høve: i 1974 og 1982. I 1974 hadde Frankrike valt både artist og song til tevlinga, men den franske presidenten, Georges Pompidou, døydde fire dagar før finalen. I respekt for den avlidne statsleiaren valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.Historie - Eurovision Song Contest 1974, Eurovision.tv I november 1981 trekte TF1 seg frå Eurovision Song Contest 1982. Bakgrunnen var at underhaldningssjefen i kanalen, Pierre Bouteiller, meinte tevlinga bestod av middelmåtige songar og lite talent. Men året etter tok konkurrenten Antenne 2 over jobben, og Frankrike var tilbake igjen i Eurovision Song Contest 1983.1982 Eurovision source in French

Suksess og nedtur Frankrike dominerte tevlinga fram til byrjinga av 1980-åra og er saman med Storbritannia eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet har vunne tevlinga fem gongar og kom stort sett på topp fem kvart einaste år i 1960- og 1970-åra. Frankrike har fem andreplassar og sju tredjeplassar; berre Storbritannia kan måle seg med dette.

Men dei siste par tiåra har den franske dominansen gradvis vorte svekka, og i 1998 innleia landet ei lang rekkje med elendige resultat. Med unntak av eit par topp ti-plasseringar har Frankrike stort sett kome blant dei fem siste sidan 2005. I 2014 vart botnen nådd, då Frankrike enda sist for fyrste gong i historia med gruppa Twin Twin. I 2016 kom Frankrike på ein sjetteplass – den beste plasseringa til Frankrike på heile 14 år. I 2021 kom Frankrike på andreplass, som var den beste franske plasseringa sidan 1991.

miniatyr|Catherine Ferry fekk ein stor hit i Noreg med «Un, deux, trois» i 1976. Frankrike har heller ikkje vunne tevlinga sidan 1977, sjølv om landet var nær ved å vinne i 1991. Franske Amina og svenske Carola enda båe med 146 poeng. Dimed måtte ein telje talet på tildelte 12-poengarar. Både Carola og Amina hadde motteke tolv poeng frå fire land, men Carola hadde fått 10 poeng frå fleire land. Dimed vann Sverige på målstreken framfor Frankrike.

Ein av dei store I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen ei ordning som sikra dei fire største økonomiske bidragsytarane direkte plass i finalen. Dei fire landa var Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Spania, og gruppa vart kalla «dei fire store». I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og gruppa vart utvida til «dei fem store.» Frankrike har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.

Bidrag I 1956 stilte kvart land med to songar kvar. Berre vinnaren vart offentleggjort, dei øvrige plasseringane er difor ikkje kjende.Historie - Eurovision Song Contest 1956 Eurovision.tv År Artist Song Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1956 Mathé Altéry «Le temps perdu» colspan="2" rowspan="38" data-sort-value="99999" Dany Dauberson «Il est là» 1957 Paule Desjardins «La belle amour»171958 André Claveau «Dors, mon amour»271959 Jean Philippe «Oui, oui, oui, oui»151960 Jacqueline Boyer «Tom Pillibi»321961 Jean-Paul Mauric «Printemps, avril carillonne»131962 Isabelle Aubret «Un premier amour»261963 Alain Barrière «Elle était si jolie» 251964 Rachel «Le chant de Mallory»141965 Guy Mardel «N'avoue jamais»221966 Dominique Walter «Chez nous»11967 Noëlle Cordier «Il doit faire beau là-bas»201968 Isabelle Aubret «La source»201969 Frida Boccara «Un jour, un enfant»181970 Guy Bonnet «Marie-Blanche»81971 Serge Lama «Un jardin sur la terre»821972 Betty Mars «Comé-comédie»811973 Martine Clemenceau «Sans toi»65 Dani «La vie à vingt-cinq ans» colspan="2" 1975 Nicole Rieu «Et bonjour à toi l'artiste»911976 Catherine Ferry «Un, deux, trois»1471977 Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant»1361978 Joël Prévost «Il y aura toujours des violons»1191979 Anne-Marie David «Je suis l'enfant-soleil»1061980 Profil «Hé, hé M'sieurs dames»451981 Jean Gabilou «Humanahum»125 colspan="4" 1983 Guy Bonnet «Vivre»561984 Annick Thoumazeau «Autant d'amoureux que d'étoiles»611985 Roger Bens «Femme dans ses rêves aussi»561986 Cocktail Chic «Européennes»131987 Christine Minier «Les mots d'amour n'ont pas de dimanche»441988 Gérard Lenorman «Chanteur de charme»641989 Nathalie Pâque «J'ai volé la vie»601990 Joëlle Ursull «White and Black Blues»1321991 Amina «C'est le dernier qui a parlé qui a raison»1461992 Kali «Monté la riviè»731993 Patrick Fiori «Mama Corsica»121 colspan="2" data-sort-value="-9999" 1994 Nina Morato «Je suis un vrai garçon»74 colspan="2" rowspan="2" data-sort-value="99999" 1995 Nathalie Santamaria «Il me donne rendez-vous»941996 Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit Bugale»18551997 Fanny «Sentiments songes»95 colspan="2" rowspan="7" data-sort-value="99999" 1998 Marie Line «Où aller»31999 Nayah «Je veux donner ma voix»142000 Sofia Mestari «On aura le ciel»52001 Natasha St-Pier «Je n'ai que mon âme»1422002 Sandrine François «Il faut du temps»1042003 Louisa Baïleche «Monts et merveilles»192004 Jonatan Cerrada «À chaque pas»40 colspan="2" rowspan="16" data-sort-value="9999" 2005 Ortal «Chacun pense à soi»112006 Virginie Pouchain «Il était temps»52007 Les Fatals Picards «L'amour à la française»192008 Sébastien Tellier «Divine»472009 Patricia Kaas «Et s'il fallait le faire»1072010 Jessy Matador «Allez Ola Olé»822011 Amaury Vassili «Sognu»822012 Anggun «Echo (You and I)»212013 Amandine Bourgeois «L'enfer et moi»14 2014 Twin Twin «Moustache»22015 Lisa Angell «N'oubliez pas»2542016 Amir «J'ai cherché»62572017 Alma «»121352018 Madame Monsieur «Mercy»131732019 Bilal Hassani «Roi»14105 Tom Leeb «Mon alliée (The Best in Me)» colspan="4" 2021 Barbara Pravi «Voilà»2499 colspan="2" rowspan="6" data-sort-value="9999" 2022 Alvan & Ahez «Fulenn»24172023 La Zarra «Évidemment»161042024 Slimane «Mon amour»44452025 Louane «Maman»72302026 «»

Røystehistorikk (1957-2021)

+ Frankrike har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 215 02 204 03 195 04 194 05 182

+ Frankrike har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 204 02 198 03 186 04 181 05 175

Talla over inkluderer berre poeng i finalar. Poeng i semifinalane er ikkje med.

Galleri

Eurovision Song Contest i Frankrike ÅrStadArenaProgramleiar(ar)1959 Cannes Palais des Festivals Jacqueline Joubert19611978 Paris Palais des Congrès Denise Fabre og Léon Zitrone

Sjå òg Frankrike i Junior Eurovision Song Contest

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frankrike i Eurovision Song Contest» frå , den 19. juli 2018.

Bakgrunnsstoff Frankrike – Eurovision Song Contest Eurovision-info.net – Uoffisiell fransk side Eurovision-fr.net – Uoffisiell fransk side

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest