Asbjørn Magne Gjengedal () er ein norsk prest og forfattar, fødd i Hyen i Gloppen kommune. Han er utdanna cand.theol. frå Menighetsfakultetet. Gjengedal arbeidde som feltprest i Bardu frå 1967, før han vart residerande kapellan i Breim i 1969. Han var sokneprest i Gloppen kommune frå 1976 til 1982. I 1982 tok han over som generalsekretær for Norges kristelige ungdomsforbund. I 1987 vart han sokneprest i Ålesund og prost i Nordre Sunnmøre prosti fram til 1996. Han var prostiprest i Nordfjord frå 1996 til 2007, og var mellom anna sjukehusprest ved Nordfjord sjukehus.
På slutten av 1990-talet drog Gjengedal til USA for eit lengre opphald. Han samla der informasjon om Abraham Vereide, som utvandra frå Gloppen 19 år gammal. Vereide vart ein markant skikkelse innan metodistkyrkja i USA og etablerte The Fellowship Foundation, og ein bøneseremoni som i dag er kjend som National Prayer Breakfast, eit nasjonalt årleg arrangement som trekkjer presidentar til talarstolen. Gjengedal samla og gjennomgjekk eit omfattande kjeldemateriale og gav ut ein biografi om Abraham Vereide i 2001 på Lunde Forlag.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Wikipedia bokmål Om Asbjørn Gjengedal i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Gloppen Kategori:Norske prestar Kategori:Norske sakprosaforfattarar