mini|Maschius sitt koparstikk av Nidarosdomen
Jacob Mortenssøn Maschius () var ein norsk prest, forfattar og koparstikkar, fødd kring 1630.
Maschius vart visstnok fødd i Trondheim. Han voks opp i Bergen og vart utdanna i København. Frå 1659 til -68 var han informator hos direktøren for Kongsberg Sølvverk. I 1661 gav han ut klagediktet «Norwegia religiosa» der han hadde med nokre kopparstikk av Nidarosdomen anno 1659, stikk som fekk mykje å seie for seinare restaureringar av kyrkja. Elles vert han hugsa for eit prospekt av Trondheim by frå 1674, også det eit koparstikk.
Maschius var prest i Jølster frå 1675 og døydde der 12. august 1678.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske prestar Kategori:Norske grafikarar