Saul Hudson (), betre kjend under artistnamnet Slash, er ein engelsk-amerikansk musikar og låtskrivar. Han er mest kjend som sologitaristen i det amerikanske hardrockbandet Guns N' Roses, som han fekk stor suksess med verda over seint i 1980- og tidleg i 1990-åra. I dei seinare åra med Guns N' Roses, skipa Slash sideprosjektet Slash's Snakepit. Etter han slutta i Guns N' Roses i 1996, var han med å starte supergruppa Velvet Revolver i midten av 2000-åra. Slash har gjeve ut tre soloalbum: Slash (2010), med ei rekkje gjestemusikarar, Apocalyptic Love (2012) og World on Fire (2014), spelt inn med bandet hans Myles Kennedy and the Conspirators. Han kom attende til Guns N' Roses i 2016.
Slash har fått mykje hyllest i musikkpressa og vert rekna som ein av dei beste rockegitaristane. Magasinet Time kåra han i 2009 til nest beste gitaristen på lista si over dei ti beste elektriske gitaristane, medan Rolling Stone sette han på 65. plassen på Topp 100-lista si over dei dei beste gitaristane gjennom tidene i 2011. Guitar World rangerte gitarsoloen hans i «November Rain» som den sjette beste gitarsoloen gjennom tidene i 2008, og Total Guitar kåra riffet hans i «Sweet Child o' Mine» til det beste gitarriffet gjennom tidene i 2004. I 2010 rangerte Gibson Guitar Corporation Slash på 34. plassen på lista si over dei 50 beste gitaristane. I 2012 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av den klassiske besetninga i Guns N' Roses.
Diskografi Slash med Myles Kennedy & The Conspirators Slash (2010) Apocalyptic Love (2012) World on Fire (2014)
Med Guns N' Roses Appetite for Destruction (1987) G N' R Lies (1988) Use Your Illusion I (1991) Use Your Illusion II (1991) The Spaghetti Incident? (1993)
Med Slash's Snakepit It's Five O'Clock Somewhere (1995) Ain't Life Grand (2000)
Med Velvet Revolver Contraband (2004) Libertad (2007)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slash» frå , den 6. juni 2018. oppgav desse kjeldene: Litteratur
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske heavy metal-gitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Slidegitaristar Kategori:Guns N' Roses-medlemmar Kategori:Hollywood Rose-medlemmar Kategori:Slash's Snakepit-medlemmar Kategori:Velvet Revolver-medlemmar Kategori:Kerrang!-prisvinnarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Musikarar frå London Kategori:Folk frå Hampstead Kategori:Musikarar frå Los Angeles