Donkey Kong er eit plattformspel som er utvikla og utgjeve av Nintendo til Game Boy. Det vart utgjeve internasjonalt i 1994 og er laust basert på dataspelet frå 1981 med same tittel og oppfølgjaren Donkey Kong Jr. Spelet var kjent under arbeidstittelen Donkey Kong '94 før utgjevinga.
I Donkey Kong tek spelaren kontrollen som Mario og må redde Pauline frå Donkey Kong som har kidnappa henne. Spelet har fleire spelemekanikkar henta frå 1981-dataspelet Donkey Kong, Donkey Kong Jr. og Super Mario Bros. 2. Donkey Kong Jr. gjer ein gjesteopptreden i spelet i nokre av nivåa, der han hjelper Donkey Kong med å hindre Mario i å komme vidare. Donkey Kong var det første Game Boy-spelet som var utvikla med støtte for Super Game Boy, som gjev spelet fargegrafikk og betre lyd. I 2011 vart Donkey Kong gjeve ut til Nintendo 3DS gjennom Virtual Console.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (på japansk)
Kategori:Dataspel frå 1994 Kategori:Game Boy-spel Kategori:Mario-plattformspel Kategori:Virtual Console-spel til Nintendo 3DS