Rzeszów er ein by søraust i Polen med om lag 200 000 innbyggjarar. Han fekk byrettar i 1354 og er i dag hovudstad og største by i Subkarpatiske voivodskap (sidan 1999), tidlegare Rzeszów voivodskap (1945–1998).
Historie mini|venstre|Revolusjonsmonumentet.
Rzeszów vart grunnlagd i 1354 av kong Kasimir III av Polen. I ei lang stund var han eigedomen til familien Lubomirski, ein av dei viktigaste i Polen. I tillegg til å ha ein kjend årleg marknad var Rzeszów berre enno ein by langs handelsvegen til Ungarn. I 1658 oppretta Jerzy Sebastian Lubomirski ein piaristskule, den andre vidaregåande skulen i Polen.
I 1937 vart det lagt militærindustri til byen. Państwowe Zakłady Lotnicze produserte fly, og det var òg ein kanonfabrikk under Hipolit Cegielski.
Folk frå Rzeszów Tomasz Stańko (1942–2018), trompetist
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rzeszów» frå , den 15. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Polen Kategori:Subkarpatiske voivodskap Kategori:Shtetlar