Gasoline Alley er det andre soloalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut i juni 1970. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia på Vertigo og kom ut på ny i 2008 med remastra lyd av eit russisk selskap, Lilith Records. Albumet består av både coverlåtar og Stewart sine eigne songar. Som mange av soloalbuma til Stewart på denne tida, spelar fleire medlemmar frå bandet hans, Faces, på plata.

Mottaking Albumet fekk positiv omtale då det kom ut, og Langdon Winner i Rolling Stone meinte at Stewart hadde «ein sjeldan sensitivitet for skjøre augneblink i eksistensen til ein person», og at dette albumet var «eit verk av i høgaste grad ein bra artist».

Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innhald

Medverkande Rod Stewart – produsent, vokal, gitar på «Jo's Lament» Martin Quittenton – klassisk gitar Ronnie Wood – gitar, flaskehalsgitar, akustisk gitar, bass Ronnie Lane – bass på «My Way Of Giving» og «You're My Girl», vokal på «My Way Of Giving» Ian McLagan – piano, orgel (i plateomslaget står det: «Mac er ikkje tilgjengeleg på grunn av busstreik». Men i den amerikanske utgåva av plata står han oppført, som indikerer at han vart lagt til seinare)https://www.discogs.com/Rod-Stewart-Gasoline-Alley/release/5040889 William Gaff – fløyte Dennis O'Flynn – fiolinbass Dick Powell – fiolin Stanley Matthews – mandolin Mick Waller – trommer Kenney Jones – trommer på «My Way Of Giving» og «You're My Girl» Pete Sears – piano på «Country Comforts», og bass på «Cut Across Shorty». Jack Reynolds – korvokal på «Country Comfort»

Salslister Album År Liste Plassering 1970 Pop Albums 27

Singlar År Singel Liste Plassering 1993 «Cut Across Shorty» Mainstream Rock Tracks 16

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gasoline Alley (album)» frå , den 30. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Album produserte av Rod Stewart Kategori:Album produserte av Lou Reizner Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios