«The Back Seat of My Car» er ein song skriven av Paul McCartney og gjeven ut av han og kona Linda McCartney som den siste songen på albumet hans Ram i 1971. Fleire månader seinare vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia og nådde 39. plassen der. Songen modulerer stilmessig mellom ein feiande piano-og-orkesterballade, liknande McCartney sin «The Long and Winding Road» og ein meir livleg rockeseksjon før songen tar av meir på slutten.

Historie McCartney presenterte først songen for The Beatles under innspelinga av Let It Be den 14. januar 1969 i Twickenham Film Studios i London.

I følgje McCartney var denne songen og andre songar med bil-tema seint i Beatles-karrieren og tidleg i solokarrieren, som «Two of Us» og «Helen Wheels», inspirerte av dei lange turane han og Linda brukte å køyre då The Beatles var i ferd me å oppløysast. Det meste av songen er ein piano-basert ballade. Allmusic-skribenten Stewart Mason samanliknar hovudmelodien med Beatles-songane «Two of Us» og «You Never Give Me Your Money.»

Medverkande Paul McCartney – solo- og korvokal, piano, bassgitar Linda McCartney – korvokal David Spinozza – sologitar Hugh McCracken – sologitar Denny Seiwell – trommer New York Philharmonic – orkesterarrangement

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Back Seat of My Car» frå , den 18. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar frå 1970