Brian Kidd () er ein ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Manchester som i 1968 var med å vinne Europacupen i fotball for Manchester United. Midtspissen fekk to opptredenar i Englands landslagsdrakt våren 1970.

Klubbspel Kidd ligadebuterte på Manchester United i sesongopninga i august 1967. På 19-årsdagen i 1968 skåra han det tredje målet då Manchester-laget tok heim den fyrste europacup-pokalen gjennom finalesiger 4-1 over Benfica på Wembley stadion i London.

Etter at Manchester United våren 1974 rykte ned i 2. divisjon, vart Kidd overført til Arsenal. Etter to sesongar i London-laget gjekk turen tilbake til Manchester, då til spel med Manchester City. Her var han med i den tette innspurten i 1. divisjon 1977 som enda med at City kom på andreplass bakom Liverpool FC. I mars 1979 signerte han for Everton, der han vart verande til han sommaren 1980 vart overført til Bolton og spel i 2. divisjon i halvtanna år. På tampen av karrieren tente han peng hos fleire USA-amerikanske lag.

Langdslagsspel Kidd deltok i to landskampar for England i april-mai 1970. Han spelte heile kampen då Nord-Irland vart slått i London, medan han var innbytar mot Ecuador i Quito der han skåra det andre målet i ein kamp som enda med siger 2-0.

Sidan han la opp som spelar, arbeidde Kidd i fleire ulike fotballklubbar, mellom andre Manchester United 1988-98 og Manchester City 2009-21.

Merittar Vinnar av Europacupen: 1968 med Manchester United

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brian Kidd» frå , den 5. mai 2018.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Bolton-spelarar