«Just Like Me» er ein song frå 1965 av Paul Revere & the Raiders med Mark Lindsay som vokalist. Han kom ut på singel på Columbia Records og makerte byrjinga på ei rekkje garasjerockklassikarar for bandet. Det vart den andre nasjonale hitten deira og nådde 11. plassen på den amerikanske singellista. Det var ein av ei første rockesongane med ein markant, dobbeltspora gitarsolo av gitaristen Drake Levin.
Songen vart skriven av Rick Dey og Rich Brown frå det Longview-baserte bandet The Wilde Knights. Raiders-manageren Roger Hart betalte dei 5 000 dollar for å få bruke songen.
Andre versjonar Pat Benatar spelte inn ein versjon av songen i 1981 på albumet hennar Precious Time.
The Circle Jerks spelte òg inn songen i 1982 på albumet deira Wild in the Streets.
Bakgrunnsstoff Just Like Me på YouTube
Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Paul Revere & the Raiders-songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Columbia Records-singlar