«Rock 'n' Roll Cities» er ein song av den engelske rockegruppa The Kinks. Songen kom ut i 1986 på albumet Think Visual og var skriven av Dave Davies.
Den tidlegare Kinks-trommeslagaren Mick Avory spelar på songen, trass i at han slutta i bandet i 1984 under innspelinga av Word of Mouth på grunn av krangling med Dave Davies. Dette var den siste Kinks-songen Avory spelte på. Dave Davies har sidan rost spelinga til Avory på songen og sa «Eg likte verkeleg tromminga til Mick på Rock 'n' Roll Cities.»
Utgjeving «Rock 'n' Roll Cities» kom ut i november 1986 på albumet Think Visual. Same dagen som albumet kom ut, vart songen gjeven ut på singel i Amerika, med B-sida «Welcome to Sleazy Town».Hinman, p. 283
Musikkvideo For å marknadsføre songen vart det laga ein musikkvideo. I videoen forsvinn Ray Davies og resten av bandet (inkludert Dave Davies, om er travel med kone og barn) prøver å finne anten Ray eller ein erstattar. Til slutt finn ein Ray. Blant dei mange som prøveselte som erstattar for Ray kan ein sjå folk kledde som Freddie Mercury og Rick Astley. I tillegg spelte Mick Avory i videoen. Marina Sirtis, som spelte Deanna Troi i fjernsynsserien Star Trek: The Next Generation, spelte kona til Dave Davies i videoen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rock 'n' Roll Cities» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar skrivne av Dave Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1986 Kategori:MCA Records-singlar