Milhsjøen (بحيرة ملح, Bahr al-Milh, tyder «Saltsjøen»), òg kjend som Razzazasjøen, er ein innsjø nokre kilometer vest for Karbala i Irak. Milhsjøen ligg i ei senking i terrenget der overskotsvatn frå Habbaniyahsjøen, som kjem frå Eufrat, vert leia gjennom ein kontrollert kanal. Insjøen er oppført som eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Innsjøen er heller grunn og vassnivået endrar seg med årstidene. På grunn av salt og det skiftande vassnivået, har denne største ferskvassjøen i Irak mista mykje av fiske som fanst her og berre nokre få fritidsstader finst att kring innsjøen.
Geograi mini|venstre|Eit nyare satellittbilete av Milhsjøen i 2010, teken av World Wind-prosjektet. Innsjøen dekkjer 156 kvadratkilometer og er omgjeve av ørkenområde, med nokre få, låge åsar langs kysten. Innjøen og området rundt ligg i ei høgd på 28 til 56 meter over havet. Vestsida av dalen som innsjøen ligg i er dekt av tjukke skogar, utanom frukthagar. I aust og sør er terrenget flatt og består av ørken. Slamflater er vanleg langs innsjøen..
Dei geologiske formasjonane i og kring innsjøen består av mergel, silstein, gips og kalkstein, men hovudsakleg silt.
Innsjøen ligg 95 km sørvest for Bagdad, og 10 km vest for Karbala i Karbala guvernement.
Historie Innsjøen vart fylt midt på 1970-talet, nedanfor Haur Al Habbaniya for å kontrollere flaumnivået i Eufrat. Lokale innbyggjarar sa at vassdjupna i innsjøen vart redusert med kring 5 til 10 meter sidan 1993, under regimet til Saddam Hussein. Dette kom hovudsakleg av at for lite vatn vart avleidd frå Habbaniyasjøen, der hovudføremålet er vatning. Omleiinga av vatnet er blitt avgrensa til berre éin dag kva 15. dag. Dette har òg påverka fiske i innsjøen, som tidlegare kunne utnyttast året rundt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Milh» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Milh Milh Kategori:Karbala guvernement