Dukansjøen (sorani دەریاچەی دووکان) er den største innsjøen i Irakisk Kurdistan. Han ligg nær byen Ranya, og er eit vassreservoar i Vesle Zab skapt av Dukan-demninga. Dukan-demninga vart bygd mellom 1954 og 1959 for å lagre vatn til vatning og til å skape vassenergi. Før innsjøen vart fylt vart det utført så mykje arkeologiske undersøkingar som mogeleg. Det vart gjort 40 arkeologiske funn på Ranyasletta med spor frå 5000-talet fvt. og fram til våre dagar. Fem av desse stadane vart grave ut: Tell Bazmusian, ed-Dem, Kamarian, Qarashina og Tell Shemshara. Utgravingane ved Tell Bazmusian avdekte eit tempel datert til 1000-talet fvt. Ved Tell Shemshara vart det grave ut ein landsby frå tidleg på 5000-talet fvt. og eit palass frå tidleg på 1000-talet med eit lite akriv av leirtavler. Innbyggjarane i dei kring 50 landsbyane som vart lagt under vatn, kring 1 000–1 200 familiar, vart flytta vest for innsjøen.
Innsjøen dekkjer eit areal på 270 km². Normalt har reservoaret ein kapasitet på 6,8 km³ vatn, men på det meste kan han ta 8,3 km³. Ved denne kapasiteten er overflata 515 meter over havet. For å kunne drive vassenergiverket, må overflata vere mellom 469 og 511 meter over havet. Nedslagsfeltet til Dukansjøen er 11700 km². center|mini|Dukansjøen i 2001.
Sjå òg Dammar og vassreservoar i Irak
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Dukan» frå , den 18. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sulaymaniyah guvernement Kategori:Vassreservoar i Irak Kategori:Innsjøar i Irak