Lars Nyre () er ein norsk professor i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Nyre er fødd i Bergen og vaks opp på Voss.

I 2003 tok han doktorgraden på ei avhandling om opplevinga av radio- og musikklyd i Vesten frå 1870 fram til i vår tid. I 2008 gav han ut boka Sound MediaSound Media: from Live Journalism to Music Recording, Routledge 2008, som er delvis basert på doktoravhandlinga. Frå 2004 har Nyre vore forskningsleiar av europeisk format, og etablerte blant anna forskningsnettverket DRACE,Digital radio cultures in Europe som forsker på det digitale radiolandskapet.

Eit viktig område i Nyre sitt arbeide er måten medieutvikling skaper endring i samfunnet, og korleis demokratisk deltaking kan førast vidare i digitaliseringa av samfunnet. Han studerer samspelet mellom teknologi og samfunn, og har ei brei tilnærming til dette som inkluderer teknologifilosofi, persepsjonsteori og mediedesign.http://www.uib.no/personer/Lars.Nyre

Nyre har arbeidd med vitskapsteoretiske emner, og dei senere åra har arbeidet hans dreidd seg mot praktiske og empiriske tema. Han har utforska foreininga mellom forskning og utvikling av ny medieteknologi. I 2005 utførte han det redaksjonelle eksperimentet Demostasjon ved Høgskulen i Volda. I 2008 utvikla han i samarbeid med informasjonsvitarar og studentar Lokanytt, ein GPS basert teknologi for å skapa journalistikk med mobiltelefonen. I dag (2018) leier han TekLab,TekLab, Bergen eit akademisk nettverk for teknologiutvikling som er støtta av Universitetet i Bergen og lokalisert i Media City Bergen.

Nyre er lærebokforfattar og har blant andre samarbeidd med Linda Eide om radiojournalistikk. Han er ein kommentator til medieutviklinga i Noreg og har vore fast kommentator i blant anna Bergens Tidende.

Bibliografi (utval)

Forfattar

Redaktør - bidragsytar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Lars Nyre i BIBSYS larsnyre.no

Kategori:Norske professorar Kategori:Folk frå Voss Kategori:Folk frå Bergen