William Keith Relf () var ein engelsk musikar, mest kjend som solovokalist og munnspelspelar i The Yardbirds.
Karriere Relf byrja å spele i band kring sommaren 1956 som songar, gitarist og munnspelspelar. Bluesmunnspelet hans var ein viktig del av stilen og suksessen til The Yardbids og vokalen hans var eit viktig bidrag til bandet.
Relf var medlåtskrivar på mange av dei originale Yardbirds-songane («Shapes of Things», «I Ain't Done Wrong», «Over Under Sideways Down», «Happenings Ten Years Time Ago»), og dreiv sidan mot meir akustisk musikk og visesong («Only the Black Rose»). Han song òg på ein tidleg versjon av «Dazed and Confused» på konsertane til Yardbirds, ein song som seinare vart spelt inn av arvtakarane til Yardbird, Led Zeppelin.
Den første solosingelen hans, «Mr. Zero», nådde 50. plassen på UK Singles Chart i mai 1966.
Etter The Yardbirds vart oppløyst i juli 1968, skipa Relf ein akustisk duo i lag med Yarbird-medlemmet Jim McCarty. Dei kalla seg Together. Kort tid etterpå danna han bandet Renaissance (med systera Jane Relf). Etter han forlet Renaissance i 1970 byrja han å produserte andre artistar: Steamhammer, folkrockbandet Hunter Muskett, den akustiske verdsmusikkgruppa Amber, det psykedeliske bandet Saturnalia, og bluesrockbanet Medicine Head (der han òg spelte bassgitar). I 1974 skipa han den progressive rockegruppa Armageddon. Debutplata deira Armageddon, vart spelt inn i England og kom ut i USA på A&M Records. Teksten i plateomslaget kalla gruppa ei supergruppe. Besetninga bestod av trommeslagaren Bobby Caldwell (tidlegare medlem i Captain Beyond og bandet til Johnny Winter), gitaristen Martin Pugh (frå Steamhammer, The Rod Stewart Album og seinare 7th Order), og bassisten Louis Cennamo (tidlegare i Renaissance og Steamhammer).
Relf døydde 33 år gammal då gitaren hans ikkje var skikkeleg jorda og han fekk kraftig støyt.
Selv om de fleste kilder feilaktig oppførte 14. mai som Keiths dødsdato (den dagen mange aviser kjørte historien), ble han på det offisielle dødsattesten erklært død 12. mai på West Middlesex Hospital.
Relf vart posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1992 i lag med resten av The Yardbirds.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keith Relf» frå , den 31. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Keith Relf si nettside
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske bluessongarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Elektriske blues-musikarar Kategori:Bluesrock-musikarar Kategori:Britiske bluesmusikarar Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Britiske munnspelspelarar Kategori:Musikarar frå London Kategori:The Yardbirds-medlemmar Kategori:Ulukkesdødsfall som følgje av elektrosjokk Kategori:Rock and Roll Hall of Fame