«Don't Let the Sun Catch You Crying» er ein song skriven og opphavleg framført av den britiske beat-gruppa Gerry and the Pacemakers. Songen vart skriven av Gerry Marsden og dei andre bandmedlemmane Freddie Marsden, Les Chadwick og Les Maguire. Han vart først spelt inn av Louise Cordet, og så av sjølve gruppa tidleg i 1964.
Historie Songen vart først gjeven til Louise Cordet, ein song som tidlegare hadde turnert med gruppa og The Beatles. Verjonen hennar vart produsert av Tony Meehan og kom ut på Decca Records i februar 1964. Gruppa valde så å gje ut sin eigen versjon. Biography of Louise Cordet by Bruce Eder, Allmusic.com. Henta 18. mars 2018 Innspelinga vart, som dei tidlegare innspelingane deira, produsert av George Martin.
Han kom ut i april 1964 som den femte singelen til Gerry and the Pacemakers i Storbritannia og låg 11 veker inne på den britiske Record Retailer-lista, der han nådde sjetteplassen.Gerry and the Pacemakers - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 18. mars 2018 I USA vart singelen gjennombrotet for gruppa. Han låg 12 veker på Billboard Hot 100 og nådde der ein fjerdeplass.Gerry and the Pacemakers - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 18. mars 2018 Songen debuterte på fjerdeplassen i på den kanadiske RPM «Top Forty-5s»-lista,«Top Forty-5s», RPM Weekly, Volume 1, Ed. 18, 22. juni 1964. Henta 18. mars 2018 og nådde femteplassen på den kanadiske CHUM Hit Parade, Chart No. 380. og sjetteplassen på «Lever Hit Parade» i New Zealand.«Lever Hit Parade» 30-Jul-1964, Flavour of New Zealand. Henta 18. mars 2018
Gerry and the Pacemakers framførte songen første gongen dei var på det amerikanske fjernsynsshowet The Ed Sullivan Show den 3. mai 1964. «Don't Let the Sun Catch You Crying» at SongFacts.com. Henta 18. mars 2018 Dei tidlegare hitsinglane til gruppa, «How Do You Do It?», «I Like It», «You'll Never Walk Alone» og «I'm the One» - kom så ut i USA og følgde opp suksessen, men ingen av dei nådde så høgt på lista som «Don't Let the Sun Catch You Crying».
Andre versjonar Songen er blitt spelt av fleire andre artistar, som Steve Lawrence (1964), José Feliciano (1968), Rickie Lee Jones (1989), Gloria Estefan (1994), Jeff Buckley (1998), Paul Carrack (2010) og Nellie McKay (2015). «Don't Let the Sun Catch You Crying» at Secondhandsongs. Henta 18. mars 2018
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Don't Let the Sun Catch You Crying» frå , den 18. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Gerry and the Pacemakers-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Songar skrivne av Gerry Marsden Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Rickie Lee Jones-songar Kategori:Gloria Estefan-songar Kategori:Jeff Buckley-songar Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:Trini Lopez-songar