«Do You Want to Know a Secret?» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles frå albumet Please Please Me i 1963, sungen av George Harrison. I USA var songen den første songen med Harrison på vokal som gjekk inn på Topp 10 på singellista, då han nådde andreplassen på Billboard-ista i 1964.

Komposisjon «Do You Want to Know a Secret?» vart skriven hausten 1962, hovudsakleg av John Lennon, men tilskriven Lennon–McCartney.Lewisohn, Mark. The Beatles: All These Years, Volume One – Tune In. Crown Archetype, 2013, , pp. 733-734 Versjonen frå 1963 av Billy J. Kramer and the Dakotas (som nådde andreplassen i Storbritannia) er tilskriven «McCartney-Lennon». Songen var inspirert av «I'm Wishing», ein melodi frå Walt Disney-filmen Snow White and the Seven Dwarfs frå 1937, som mor til Lennon, Julia, song til han som barn. Dei første to linjene i songen i Disney-filmen («Want to know a secret? Promise not to tell?») kom rett etter opningsteksten («You'll never know how much I really love you... You'll never know how much I really care...»). McCartney har sagt at «dei skriv songen likt om likt» for Harrison til å syngje, medan Lennon i 1980 sa at han skreiv songen aleine og fann ut då songen var ferdig at han høvde best for Harrison.Lewisohn, Mark. The Beatles: All These Years, Volume One – Tune In. Crown Archetype, 2013, , p. 873

Innspeling I 1980 sa Lennon at han gav «Do You Want to Know a Secret?» til Harrison fordi songen «berre hadde tre notar og han er ikkje den beste songaren i verda», men la til «han har kome seg mykje sidan den gongen». Songen vart spelt inn i løpet av ei ti timar lang innspeling den 11. februar 1963 i lag med ni andre songar for Please Please Me. Harrison song to songar på Please Please Me — denne av Lennon–McCartney og «Chains» av Goffin/King. «Don't Bother Me» var den første songen Harrison skreiv for Beatles, og kom ut på det neste albumet, With The Beatles.

Singelutgåva «Do You Want to Know a Secret?» kom ut på singel eit år seinare på Vee-Jay i USA, den 23. mars 1964, og nådde andreplassen bak ein annan Beatles-song, «Can't Buy Me Love» på Billboard-lista, og tredjeplassen på Cash Box-lista. I USA var dette den mest suksessrike Beatles-songen som Harrison song på, fram til «Something» nådde toppen av singellista i 1969.

Medverkande George Harrison – solovokal, akustisk gitar (høgre kanal) John Lennon – akustisk gitar (venstre kanal), korvokal Paul McCartney – bass, korvokal Ringo Starr – trommer

Lydteknikar var Norman Smith

Personell per Walter Everett og John Winn

Salslister og salstrofé Salslister Liste (1964)PlasseringTyske Media Control-lista34US Cash Box Top 1003

Salstrofé

Billy J. Kramer-versjonen

The Beatles-versjonen kom aldri ut på singel i Storbritannia, der ein versjon av Billy J. Kramer with the Dakotas (i lag med «I'll Be on My Way», Parlophone R5023, 26. april 1963) nådde andreplassen på Record Retailer-lista og førsteplassen på NME-lista (nytta av Radio Luxembourg) og BBC si Pick of the Pops-liste. Songen kom òg ut på albumet Little Children. Han nådde åttandeplassen på den irske singellista.

Salslister Liste (1963)PlasseringStorbritannia (Record Retailer)2Storbritannia (NME)1

Andre versjonar Alvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1964 for albumet The Chipmunks Sing the Beatles Hits.

Songen nådde toppen av Billboard-lista igjen i 1981 og andreplassen i Storbritannia med ein versjon av Stars on 45, som spelte songen som ein del av ein medley.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Do You Want to Know a Secret» frå , den 10. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Popballadar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Vee-Jay Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Imperial Records-singlar Kategori:Billy J. Kramer-songar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:Nikka Costa-songar