mini|Bomstasjon på Øresundbrua (BroBizz i grøne filer) mini|BroBizz-brikke BroBizz er eit dansk system for elektronisk betaling i automatiske betalingsanlegg. BroBizz vart stifta i 2008 og vert utvikla og administrert av BroBizz A/S, eit heileigd dotterselskap av Sund & Bælt Holding A/S.
Ein BroBizz er ei trådlaus bombrikke som sikrar at ein kjem kjapt gjennom automatiske betalingsanlegg. BroBizz kan brukast på Storebæltsambandet og Øresundbrua, på fleire ferjeruter og bomvegar, og dessutan til parkering på Billund- og Kastrup Lufthamn. Sund & Bælt er med i fellesføretaket (joint venture) EasyGo. Gjennom EasyGo-samarbeidet kan BroBizz brukast på automatiske betalingsanlegg i Skandinavia. Norske AutoPASS er òg med i dette samarbeidet, og BroBizz-brikker kan dermed brukast i norske bomstasjoner.
BroBizz A/S er det første skandinaviske selskapet som er registrert som EETS (European Electronic Toll Service)-utstedar. EETS-direktivet har som mål at ei elektronisk brikke, som til dømes ein BroBizz, skal kunna brukast for betaling på alle avgiftsbelagde vegar i EU.
PayByPlate Den 21. mars 2018 innfører BroBizz A/S automatisk skiltattkjenning, og det vert mogleg å nytta registreringsskiltet til identifisering. Med PayByPlate får ein tilgjenge til dei same fordelane som med ei BroBizz-brikke. I første omgang kan produktet utelukkande brukast på Storebæltbrua.
PayByPlate vert tilbydd danskregistrerte bilar under 3500 kg med vanlege registreringsskilt.
Sjå òg EasyGo AutoPASS
Kjelder
Kategori:Danske føretak Kategori:Føretak skipa i 2008 Kategori:Statlege føretak Kategori:Samferdsle i Danmark