«Tonight's the Night» er ein song av The Shirelles som opnar albumet Tonight's the Night frå 1961. Songen er skriven av Luther Dixon og Shirley Owens og omhandlar kjenslene ei kvinne har før ho mistar jomfrudommen sin. Songen vart gjeven ut på singel før albumet, i 1960. I 2010 vart songen plassert på lista til Rolling Stone over ein av dei 500 beste songane gjennom tidene.
Produksjon «Tonight's the Night» vart skriven av solovokalisten i The Shirelles, Shirley Owens og Luther Dixon. Det var første songen Dixon produserte for bandet. Han vart innleigd for bandet av Florence Greenberg etter å ha arbeidd med Perry Como, Nat King Cole og Pat Boone.
Tema og stil «Tonight's the Night» omhandlar «romantisk overgjeving» og «sjelfull lengsel». Songen fortel om ei kvinne som er både forventingsfull og nølande før den første seksuelle opplevinga hennar, eit tema som vart skildra på liknande vis i Buddy Holly-songen «Oh, Boy!.
Strykarane i songen er liknande strykarane i «There Goes My Baby», medan Dixon sa at han var inspirert av brasiliansk baião. Rolling Stone noterte seg òg den latinamerikanske stilen med fleire tilfelle av synkope.
Utgjeving Singelen kom ut i september 1960. Innan 1961 hadde songen seld til gullplate. I følgje Greil Marcus skapte songen sjokkbølgjer då han kom ut på grunn av den ærlege skildringa av «ei kvinne ... klar over hennar sinn og kropp».
Kort tid etter songen kom ut måtte han konkurrere med ein versjon av The Chiffons, som brukte eit liknande arrangement og stil. The Chiffons sin versjon nådde etter kvart 76. palssen og vart den første hitten deira.
Salslister Liste (1960)PlasseringUS Billboard Hot 10039US Hot R&B/Hip-Hop Songs14
Ettermæle Rolling Stone plassete «Tonight's the Night» på 409. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Det var den andre av to Shirelles-songar på lista, i lag med «Will You Love Me Tomorrow» som var på 126. plassen.
Medverkande Solovokal: Shirley Owens Korvokal: Doris Coley, Beverly Lee, Addie «Micki» Harris
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tonight's the Night (The Shirelles song)» frå , den 22. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:The Shirelles-songar Kategori:Songar skrivne av Luther Dixon Kategori:Scepter Records-singlar 409