Gabi Zange, fødd Gabi Schönbrunn, () er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Crimmitschau i Sachsen som representerte Aust-Tyskland. Ho vart europameister i 1981 og nummer to i Skeise-VM 1985, dessutan vann ho tre olympiske bronsemedaljar.
Schönbrunn tok tredjeplassen i europameisterskapen 1981 i Heerenveen. Vinteren 1984 vart ho europameister i Alma Ata før ho sikra austtysk trippelsiger då ho vart nummer tre i skeise-VM i Deventer, slått av verdsmeister Karin Enke og Andrea Mitscherlich. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo fekk ho bronsen på 3000 meter, på ny bak dei same to landskvinnene, men her med Mitscherlich på toppen av sigerspallen. Året etter vart Schönbrunn toar i Skeise-VM 1985, nesten tre tidspoeng etter Mitscherlich. Som Gabi Zange reiste ho heim frå vinterleikane 1988 i Calgary med bronsemedaljar både på 3 000 og 5 000 meter, i begge øvingane bak dobbelt gullmedaljør Yvonne van Gennip frå Nederland og dobbelt sølvmedaljør Andrea Ehrig-Mitscherlich.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 10. februar 2018.
Kategori:Tyske skeiseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988