The Killer Rocks On er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1972.

Etter ei rekkje countryalbum gjekk Lewis attende til rock and roll-røtene med The Killer Rocks On. Han hadde prøvd dette i midten av 1960-åra med album som The Return of Rock og Memphis Beat utan noko særleg suksess. Tidleg i 1970-åra var gammal rock and roll blitt populært att, og for originale rockeartistar som Lewis, Little Richard og Chuck Berry var dette gode nyhende.

Albumet er mest kjend for ein versjon av «Chantilly Lace», som var skriven av J.P. Richardson. Han omkom i ein flystyrt i lag med Buddy Holly i 1959. Singelen nådde topp 40 på poplista, som den første Lewis-songen sidan «What'd I Say» i 1961.

Innhald

Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano Chip Young, Dale Sellers, Harold Bradley, Pete Wade, Ray Edenton, Jerry Kennedy - gitar Pete Drake - steelgitar Kenny Lovelace - fele Bob Moore - bass Bill Strom - organ Buddy Harman - trommer Charlie McCoy - marimba; arrangør på «Turn on Your Love Light» Dolores Edgen, Hursel Wiginton, Joe Babcock, Millie Kirkham, Rickie Page, Trish Williams - korvokal Cam Mullins - arrangement

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Killer Rocks On» frå , den 27. januar 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album