Jean-Baptiste Armand Guillaumin () var ein fransk målar og litograf som tilhøyrde impresjonismen.
Armand Guillaumin var fødd i Paris. Då han var 21 år gammal, byrja han å jobba i undertøysbutikken til onkelen sin medan han fekk teikneundervisning om kvelden. Seinare arbeidde han for statlege jernbanen. Frå 1861 studerte han på Académie Suisse. Der møtte han Paul Cézanne og Camille Pissarro, som han skulle bli venar med livet ut. Sjølv om han ikkje er blitt like kjent som Cézanne og Pissarro, hadde han sterk innverknad på arbeidet deira. Cézanne gjorde si første etsing basert på Guillaumin sitt måleri av lekterar på Seinen.
Guillaumin stilte ut ved Salon des Refusés i 1863. Frå 1874 stilte han ut med impresjonistane. I 1886 blei han ven med Vincent van Gogh sin bror Theo, som selde nokre av verka hans. I 1891 kunne han slutta i jobben og konsentrera seg om å måla på heiltid etter å ha vunne 100 000 franc i det statlege lotteriet.
Måleria til Guillaumin er kjende for intense farger, og er representert i store museum over heile verda.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Armand Guillaumin» frå , den 9. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske målarar Kategori:Franske grafikarar Kategori:Kunstnarar frå Paris Kategori:Impresjonistiske kunstnarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet