Tallak Mølbak Nielsen () var ein næringsdrivar frå Porsgrunn, stortingsmann 1871-73 og 1877-78.
Far til Nielsen var skomakarmeister. Sjølv fekk han privatundervisning i norsk, tysk og rekning. 17 år gammal vart han tilsett i Johan Christian Bruun si forretning i Larvik. I 1846 tok han handelsborgarskap og var frå 1850 kompanjong med Bruun, svigerfaren. Frå 1855 dreiv han eiga forretning som grosserar, skipsreiar og fabrikkeigar med reperbane og tobakkproduksjon.
Nielsen var medlem i Larvik bystyre, også som ordførar, og elles forlikskommissær og styreleiar i sparebank i mange år. Han var valkrinsen Larvik og Sandefjord sin representant på Stortinget 1871-73 og på ny 1877-79, alle sesjonane som medlem i Tollkomiteen. Grunna sjukdom møtte han ikkje til 1879-sesjonen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Ordførarar i Larvik Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Folk frå Larvik