Georg Pettersen () var ein dansk-norsk embetsmann, fødd i Flensburg. Han møtte på Stortinget frå Sarpsborg 1854-58.
Pettersen tok norsk juridisk embetseksamen i 1834. Han var fullmektig hos futen i Telemarken i fire år, prokurator i Kviteseid til 1842 og i Skien til 1849. Sidan var han byfut og politimeister i Sarpsborg til 1871, dei siste åra også postmeister i Østfold-byen. Pettersen var Sarpsborg sin representant på stortinga 1854 og 1857 og på omframtstortinget 1858. Han var med i Desisjonskomiteen, i 1854 sekretær.
Han døydde i Kristiania.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858