mini|Nordisk Ungdomsbiennale, i Kunstnernes Hus, 1970 Kunstnernes Hus er eit kunstgalleri i Oslo. Det er den største visningsstaden driven av kunstnarar i Noreg for norsk og internasjonal samtidskunst.
Kunstgalleri mini|venstre|Kunstnernes Hus ved Slottsparken i Oslo med bronseløvane til Ørnulf BastKunstnernes Hus - historikk utanfor hovudinngangen. Kunstnernes Hus ligg i Wergelandsveien ved Slottsparken i sentrum av Oslo. Huset opna i 1930 som ei sjølvstendig stifting eigd av norske kunstnarar, og mottek finansiell stønad frå Kulturdepartementet. Institusjonen vert styrt av eit styre med fem medlemer. Fire av desse er kunstnarar, den femte er peika ut av Kulturdepartementet.
I tillegg til eit utstillingsprogram sett i hop av styret, vert Haustutstillinga og Stipendutstillinga synt i Kunstnernes Hus kvart år. Desse utstillingane er organisert av Norske Billedkunstnere (NBK).
Kunstnernes Hus er formgjeve av arkitektane Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas, og vert rekna som eit viktig døme på funksjonalisme i arkitektur i Noreg. Kunstnernes Hus og arkitektane fekk Houens fonds diplom i 1931.Houens Fonds Diplom frå Norske Arkitekters Landsforbund
Huset hyser òg Kunstnernes Hus Bar & Restaurant og Office for Contemporary Art Norway.
Referansar
Bakgrunnsstoff Kunstnernes Hus sin nettstad
Kategori:Norsk kunst Kategori:Funksjonalisme i arkitektur Kategori:Norske kulturinstitusjonar Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Bygningar teikna av Gudolf Blakstad Kategori:Bygningar teikna av Herman Munthe-Kaas Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Kulturminne i Oslo