__NOTOC__ Cercotrichas er ei biologisk slekt av krattskvettar og hekkskvettar i flugesnapparfamilien, Muscicapidae.

Dette er mellomstore insektetande fuglar i slekta Cercotrichas. Dei var tidlegare i trastefamilien, (Turdidae), men vert oftare no handsama som ein del av den gamle verdas flugesnapparfamilie, (Muscicapidae). Dei er ikkje nært nærskyldt med krattskvettar i slekta Drymodes, som er medlemmer av australske flugeskvettar.

Slektsnamnet Cercotrichas er frå antikken sin greske kerkos, «hale» og trikhas, «trøst».

Krattskvettar og hekkskvettar er hovudsakleg afrikanske artar som lever i open skog eller i krattskog, hekkar i buskar eller på bakken, men arten hekkskvett har òg hekkeområde i Sør-Europa og austover til Pakistan.

Artslista Kategorisering av taksona i denne slekta varierer frå autoritet til autoritet. BirdLife International (2017) IUCN raudliste for fuglar listar berre fem artar. EBird/Clements Checklist v2017 listar heile 11 artar.

Cercotrichas i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Karookrattskvett, Cercotrichas coryphoeus, Karoo Scrub-Robin, Vieillot, 1817 , (LC) Jungelkrattskvett, Cercotrichas leucosticta, Forest Scrub-Robin, Sharpe, 1883 , (LC) Zulukrattskvett, Cercotrichas signata, Brown Scrub-Robin, Sundevall, 1850, (LC) Kanelkrattskvett, Cercotrichas quadrivirgata, Bearded Scrub-Robin, Reichenow, 1879 , (LC) Miombokrattskvett, Cercotrichas barbata, Miombo Scrub-Robin, Hartlaub & Finsch, 1870 , (LC) Svartkrattskvett, Cercotrichas podobe, Black Scrub-Robin, Müller, 1776, (LC) Hekkskvett, Cercotrichas galactotes, Rufous-tailed Scrub-Robin, Temminck, 1820, (LC) Sahelhekkskvett, Cercotrichas minor, African Scrub-Robin, Cabanis, 1850 Kalaharikrattskvett, Cercotrichas paena, Kalahari Scrub-Robin, Smith, 1836, (LC) Graskrattskvett, Cercotrichas hartlaubi, Brown-backed Scrub-Robin, Reichenow, 1891, (LC) Kvitbrynkrattskvett, Cercotrichas leucophrys, Red-backed Scrub-Robin, Vieillot, 1817, (LC)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cercotrichas» frå , den 10. desember 2017.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:flugesnapparfamilien Kategori:Fugleslekter