Cecropia er ei planteslekt i neslefamilien. Ho omfattar rundt 100 artar som veks i tropisk Amerika.

Dei er oftast store tre, og dei fleste er myrmekofile (dvs. maurplantar som lever i samband med maur). Nokre av dei er kautsjuktre, det vil seia tre med mykje mjølkesaft som kan brukast til å framstilla kautsjuk eller naturgummi. Ein av artane, trompettre (C. peltata), veks snøgt og blir eit stort tre i løpet av høvesvis kort tid. Det har hol stamme.

Kjelder

Kategori:Planteslekter Kategori:Neslefamilien