Johan Ludvig Johannesen () var ein norsk kommunearbeidar frå Lilleby i Borge i Østfold. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet i to periodar 1934-45, og ordførar i Fredrikstad 1932–33 og mai-juli 1945.
Far hans arbeidde på sagbruk. Han tok sjølv til sagbruksarbeidar i Fredrikstad og Borge og var inn i mellom steinhoggar. Frå 1917 var han kommunearbeidar i Fredrikstad.
Johannesen var medlem i Fredrikstad bystyre periodane 1910-19, 1925-33 og i 1945, varaordførar 1931-33. Elles var han medlem i forliksrådet 1915-18 og skulestyret 1920-22. Hausten 1933 vart han vald til å representere dei fem kjøpstadene i Østfold og Akershus på Stortinget, attvald i 1936. Fyrste treårsbolken var han medlem i Protokollkomiteen og sidan sekretær i komiteen.
Kjelder
Ordførere i Fredrikstad: Johan Ludvig Johannesen; Fredrikstad kommunes heimeside
Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Østfold og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Fredrikstad Kategori:Ap-ordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Fredrikstad