mini|Illustrasjon av Theodor Kittelsen til det norske folkeeventyret «Reveenka»Folkeeventyret Reve-enka i Barne-Eventyr av Asbjørnsen og Moe (1915).

Reve-enka er eit norsk dyreeventyr frå Asbjørnsen og Moe si samling av norske folkeeventyr utgjeve frå 1841 til 1844. Eventyret er eit av dei mest folkekjære Asbjørnsen og Moe har samla inn, og blir sett på som eit klassisk norsk eventyr. Reve-enka er også namnet på ein norsk dokkefilm frå 1962. Filmen er basert på dette eventyret.

Handling Eventyret fortel om eit revepar der ektemannen døyr etter å ha ete for mykje høns hjå bonden. Enkja blir seinare vitja av ein serie med friarar: Ein bjørn, ein ulv, ein hare og til sist ein rev. Tenestejenta hennar, ei kjette, snakkar med kvar av dei etter tur, men får beskjed om å senda dei vekk heilt til reven kjem. Han vil reve-enkja ha, dei gifter seg, og bur saman i revehuset «den dag i dag» om ikkje han også har vore i hønsegarden.

Dokkefilmen Dokkefilmen blei produsert og regissert av Ivo Caprino. Filmen følgjer handlinga som skjer i dette eventyret, men byrjar med ein bolk som viser eventyrsamlaren Asbjørnsen på besøk i ei stove. Stoveeigaren Gurine byrjar å fortelja eventyret for han og niesa si, og filmen fortset som dokkefilm.

I tillegg til «Reve-enka» har Ivo Caprino teke med ein karakter til; haren frå «Haren som hadde vært gift».Eventyret Haren som hadde vært gift Han var ein glad og hoppande hare. Haren fortel reven at han blei gift, fekk eit troll til kjerring, fekk ei stove og blei rik, men at alt brann ned – og «kjerringa med». Dei andre friarane er tilsynelatande frekke mot haren, og truger med å ete han opp.

Rolleliste Harald Heide-Steen – i rollen som Peter Christen Asbjørnsen Siri Rom – Gurine Trine Pedersen – Veslejenta

Anna Regi og produksjon: Ivo Caprino Figurar: Ingeborg Gude Foto: Finn Bergan, Ivo Caprino, E. Christoffersen Musikk: Bjarne Amdahl Lyd: Roger Arnhoff studio Laboratorium: AB Film-Teknik Tekniske assistentar: Bjarne Sandemose, Truls Olsen

Kjelder

Reve-enka omsett på nynorsk.

Denne artikkelen bygger på «Reve-enka» frå , den 20. november 2017.

Kategori:Eventyr