Otto Martin Dahl () var ein norsk embetsmann fødd i Solum som var stortingsmann 1868-69 frå Søndre Bergenhus amt.
Far til Dahl var byfut i Drammen. Sjølv gjekk han den lærde skulen i Christiania før han studerte og vart cand.jur. i 1843. Frå 1846 var han tilsett i Justisdepartementet, fyrst som kopist, frå 1851 som byråsjef og 1854 som ekspedisjonssjef. I 1860 fekk han sorenskrivar-jobben i Sunnhordland, budde og arbeidde på Kårvik på Stord til han døydde, 61 år gammal.
Dahl var med på fleire valting i Søndre Bergenhus i 1860-åra. Han representerte valkrinsen på Stortinget 1868-69, der han var medlem i Justiskomité nr. 1.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Drammen