Regjeringa Hagerup II, Francis Hagerup si andre regjering, var ei norsk regjering som sat frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905. Regjeringa var ein koalisjon mellom Samlingspartiet, Venstre (V) og Høgre (H).
To av medlemmane i regjeringa - Christian Michelsen og Jacob Marius Schøning - søkte avskjed 28. februar 1905, og dei øvrige dagen etter. Grunnen var intern usemje om statsministeren si forhandlingsline i unionspørsmålet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Francis Hagerups andre regjering» frå , den 13. november 2017, revisjon 16376101
Hagerup 2