Bernt Arne Lynge () var ein norsk botanikar som var professor ved Universitetet i Oslo. Han var ein av verdas fremste kjennarar av lav.
Far til Lynge var kjøpmann i Lyngør. Sjølv vart han cand.real. frå universitetet i Kristiania i 1909. Allereie frå 1906 var han assistent i Botanisk hage i Oslo og i 1915 konservator ved Botanisk museum i Oslo, som akkurat hadde flytta til nye lokale i bydelen Tøyen.
År 1917 tok Lynge doktorgraden og frå august 1918 var han dosent i systematisk botanikk ved universitetet. I 1921 deltok han i Holtedahl-ekspedisjonen til Novaja Semlja. Våren 1935 vart Lynge utnemnd til professor i botanikk.
Lynge var med i Det Norske Videnskaps-Akademi og medlem i Tromsø Museum.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske botanikkprofessorar Kategori:Folk frå Tvedestrand