mini|Kart over jorda i eocen (50 Ma) mini|Mesonyx, eit ulveaktig pattedyr frå eocentida Eocen eller eosen er den andre geologiske epoken i paleogen i kenozoikum og varte frå 55,8 ± 0,2 til 33,9 ± 0,1 millionar år sidan. Eocen kjem etter paleocen og før oligocen. Starten på epoken er markert av ein kort periode då konsentrasjonen av karbonisotopen 13C i atmosfæren var uvanleg låg i høve til den vanlegare isotopen 12C. Gjennomsnittstemperaturen på jorda ved byrjinga av eocen var rundt 27 ° Celsius. Det var også ved byrjinga av perioden at dei fyrste moderne pattedyra dukka opp. Slutten er ved ei større utdøying kalla Grande Corpure, som kan ha samanheng med nedslaget av ein eller fleire meteorittar i Sibir og det som no er Chesapeake Bay i USA. Som vanleg er dei stratuma som definerer start og slutt lette å identifisere,The extinction of the Hantkeninidae, a planktonic family of foraminifera became generally accepted as marking the Eocene-Oligocene boundary; in 1998 Massignano in Umbria, central Italy, was designated the Global Boundary Stratotype Section and Point (GSSP). men dateringa er usikker.
Namnet kjem frå det greske eos (morgongry) og ceno (ny), og refererer til at dei «nye» pattedyra kjem til syne i denne tida.Sjå Brev frå William Whewell til Charles Lyell datert 31. januar 1831 i: From p. 55: "The period next antecedent we shall call Eocene, from ήως, aurora, and χαινος, recens, because the extremely small proportion of living species contained in these strata, indicates what may be considered the first commencement, or dawn, of the existing state of the animate creation."
Inndeling
Eocen er vanlegvis delt inn i tidleg og sein, eller stundom tidleg, mellom og sein. Dei tilsvarande berglaga vert kalla nedre, midtre og øvre eocen. Dei geologiske aldrane er frå yngst til eldst: Priabonium (37,2 ± 0,1 – 33,9 ± 0,1 millionar år sidan) Bartonium (40,4 ± 0,2 – 37,2 ± 0,1 millionar år sidan) Lutetium (48,6 ± 0,2 – 40,4 ± 0,2 millionar år sidan) Ypresium (55,8 ± 0,2 – 48,6 ± 0,2 millionar år sidan)
Ypresium og stundom lutetium utgjer nedre eocen, medan priabonium og stundom bartonium vert rekna som øvre eocen. Alternativt kan lutetium og bartonium reknast som mellomeocen.
Klima Ved starten av eocen vart jorda varma opp i det som har vore ei av dei raskaste og ekstreme globale oppvarmingar gjennom geologisk historie, kalla paleocen-eocen-termalmaksimumet (PETM). Dette var ein episode med rask og intens oppvarming (opp til 7 °C) på høgare breiddegrader, som varte mindre enn 100 000 år. Temperaturmaksimumet føre til at fleire dyr vart utrydda frå økosystemet i paleocen.
Det globale klimaet i eocen var kanskje det mest homogene i heile kenozoikum og temperaturgradienten frå ekvator til polane var berre halvparten av det han var i dag og dei djupe havstraumane var eksepsjonelt varme. Polområda var varmare enn i dag, kanskje så mildt som langs norskekysten og tempererte skogar strekte seg heilt til polane, medan det regnfulle tropiske klimaet strekte seg så langt nord som til 45º. Skilnaden var truleg størst på tempererte breiddegrader, medan klimaet i tropane var som i dag.Stanley, 508
Klimaet heldt seg varmt gjennom resten av eocen, sjølv om den globale avkjølinga vart sett i gang av Azolla-hendinga, som førte til at istida i pleistocen starta.
Paleogeografi Under eocen flytta kontinenta seg mot sine noverande posisjonar.
På byrjinga av perioden var Australia og Antarktis framleis saman og varme havstraumar frå ekvator blanda seg med det kaldare vatnet i Antarktis og fordelte varme rundt heile planeten og heldt den globale temperaturen høg. Då Australia reiv seg laus frå det sørlege kontinentet for rundt 45 millionar år sidan kan dei varme ekvatorstraumane ha svinga bort frå Antarktis og det utvikla seg ein isolert kald havstraum mellom dei to kontinenta. Antarktis var då avkjølt og havet omkring byrja å fryse til. Dette sende kaldt vatn og isflak nordover og forsterka avkjølinga.
Det nordlege superkontinentet Laurasia byrja å dele seg, og Europa, Grønland og Nord-Amerika dreiv frå kvarandre.
I Europa forsvann Tethyshavet heilt då Afrika og Eurasia kolliderte. Oppstigigna til Alpane isolerte den siste resten av det, Middelhavet, og danna eit grunt hav med øygrupper i nord. Sjølv om Atlanterhavet alt hadde opna seg ser det ut til å ha vore ei landbru mellom dei to fordi dyrelivet var mykje likt i dei to regionane.
India heldt fram bort frå Afrika og kolliderte med Asia, og dette skapte Himalaya.
Planteliv
På byrjinga av eocen skapte dei høge temperaturane og varme hava eit fuktig, lummert miljø med skogar som spreidde seg frå pol til pol. Bortsett frå dei tørraste ørkenane må jorda ha vore heilt skogdekt.
Polarskogane var særleg store. Fossil og sjølv bevarte restar av tre som sumpsypress og matesquioiatre frå eocen er funne på Ellesmere Island i Arktis. Dei bevarte restane er ikkje fossile, men faktiske bevart i oksygenfattig vatn i dei myrlendte skogane på denne tida og så gravlagd før dei fekk sjans til å rotne. Sjølv på denne tida var Ellesmere Island berre nokre få grader lenger sør enn i dag. Fossil av subtropiske og sjølv tropiske tre og planter frå eocen er funne på Grønland og i Alaska. Tropisk regnskog voks heilt nord til nordaustkysten av Stillehavet i og Europa. Palmer voks så langt nord som Alaska og Nord-Europa i tidleg eocen, men dei vart gradvis færre etter kvart som klimaet vart avkjølt.
Nedkjølinga byrja midt i perioden og mot slutten av eocen byrja dei indre områda og verte tørre og skogane vart langt tynnare i enkelte område. Nyutvikla gras var framleis berre å finne rundt elva og innsjøar og hadde ikkje enno spreidd seg til sletter og savannar.
Kjølinga førte òg til årstidsendringar. Lauvtre, som betre takla dei store temperaturendringane, byrja å ta over for eviggrøne tropiske artar. Mot slutten av perioden dekte lauvskogar store delar av dei nordlege kontinenta og regnskogane trekte seg tilbake til ekvatoriale strøk.
Antarktis som start eocen med varme tempererte til subtropiske regnskogar vart mykje kaldare i løpet av perioden. Dei tropiske plantene forsvann heilt og ved byrjinga til oligocen hadde kontinentet lauvskogar og store område med tundra.
Dyreliv mini|Fossile nummulitide foraminifera. Skala i mm. Dei tidlegare kjende fossila av dei fleste av dei moderne pattedyrordenane dukka opp i løpet av kort tid i tidleg eocen. Ved byrjinga av eocen dukka fleire nye pattedyrgrupper opp i Nord-Amerika. Desse moderne pattedyra, som klauvdyr, upartåa hovdyr og primatar hadde trekk som lange, tynne føter, føter og hender som kunne gripe, og åtskilde tenner for å tygge med. Dvergformer dominerte. Alle medlemmene av nye pattedyr var små og under 10 kg, basert på samanlikning av storleiken på tennene. Pattedyra i eocen var berre om lag 60 % så store som dei primitive pattedyra i paleocen som var forgjengarane deira. Dei var òg mindre enn pattedyra som kom etter dei. Ein meiner at det varme klimaet i eocen gjorde at mindre dyr klarte seg betre i varmen enn store dyr.Abigail R. D’Ambrosia et al. (2017) Repetitive mammalian dwarfing during ancient greenhouse warming events.Sci. Adv.3,e1601430.DOI:10.1126/sciadv.1601430Katherina B. Searing et al. (2023) Melting climates shrink North American small mammals. 120 (50) e2310855120 https://doi.org/10.1073/pnas.2310855120.
Begge grupper av moderne hovdyr vart rådande etter ein stor radiasjon mellom Europa og Nord-Amerika, i tillegg til kjøtetande hovdyr som mesonyx. Tidlege former for moderne pattedyr var mellom anna flaggermus, snabeldyr, primatar, gnagarar og pungdyr. Dei fyrste kjende fossila av gnagarar er frå denne perioden. Eldre primitive pattedyr vart mindre varierte og viktige.
Av krypdyr frå denne tida har ein funne fossil av kvelarslangar og skjelpadder. Mange moderne fuglar dukka opp i eocen.
Enkelte forskarar meiner at dei første primatane dukka opp rundt 55 millionar år sidan i æraen ypresium i eocen, men den molekylære klokka og nye paleonotologiske funn indikerer at dei kom mykje tidlegare, rundt 90 millionar år sidan i krittida.
Hav mini|høgre|Basilosaurus mini|venstre|Prorastomus, ei tidleg sjøku Hava i eocen var varme og fullt av fisk og anna sjøliv. Dei første gråhaiane og dei første sjøpattedyra dukka opp, mellom anna basilosaurus, ein tidleg kvalart som ein meiner utvikla seg frå landdyr tidleg i eocen. Dei første sjøkyrne, slektningar av elefantar, dukka opp på denne tida.
Grande Coupure mini|Hendinga på slutten av eocen. Grande Coupure eller «det store brotet» var ei stor omvelting for pattedyra i Europa for om lag 33,5 millionar år sidan. Mange dyr døydde ut under Grande Corpure og ein fekk allopatrisk artsdanning hos små isolerte leivningar.Hooker et al. 2004 Utryddinga fekk dette namnet i 1910 av den sveitsiske paleontologen Hans Georg Stehlin,H.G. Stehlen, 1910. "Remarques sur les faunules de Mammifères des couches eocenes et oligocenes du Bassin de Paris," in Bulletin de la Société Géologique de France, 4'.9, s 488-520. og han plasserte hendinga ved overgangen mellom eocen og oligocen.
I Nordsjøen Vest for Nordsjøen låg eit større landområde kalla Shetlandplattforma, og sand frå dette landområdet vart seint i paleocen og tidleg i eocen ein viktig reservoarbergart for naturgass på Friggfeltet og andre felt nord i Nordsjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «eocene» frå , den 26. august 2008. oppgav desse kjeldene: Ogg, Jim; June, 2004, Overview of Global Boundary Stratotype Sections og Points (GSSP's) http://www.stratigraphy.org/gssp.htm Accessed April 30, 2006. Stanley, Steven M. Earth System History. New York: W.H. Freeman og Company, 1999. ISBN 0-7167-2882-6 J.J. Hooker M.E. Collinson og N.P. Sille, 2004. "Eocene–Oligocene mammalian faunal turnover in the Hampshire Basin, England: calibration to the global time scale og the major cooling event" in Journal of the Geological Society 161.2, s. 161-172 ()
Andre kjelder
Bakgrunnsstoff PaleoMap Paleos si side om eocen Fossil frå Eocene Kart over jorda i eocene
Kategori:Geologiske tidsperiodar