1958 (romartal MCMLVIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 1. februar: Egypt og Syria gjekk saman som Den sameinte arabiske republikken med Gamal Nasser som president. 14. februar: Kongedøma Irak og Jordan gjekk saman i Den arabiske føderasjonen av Irak og Jordan med den irakiske kongen Faisal II som statsoverhovud. 27. mars: Nikita Khrusjtsjov blei førsteminister i Sovjetunionen.
Utan dato Hæren i Algerie gjorde opprør og kravde at general Charles de Gaulle skulle ta makta i Frankrike. Det gjorde han, og Frankrike gjekk frå den fjerde til den femte republikken. Dei franske koloniane fekk valet mellom sjølvstende eller indre sjølvstyre i eit fransk fellesskap. Guinea valde sjølvstende. Den panafrikanske kongress vart stifta i Sør-Afrika av utbrytarar frå ANC.
Noreg 8. januar: 14 menneske omkom i ein brann om bord i hurtigruteskipet MS «Erling Jarl» som låg ved kai i Bodø.https://www.nb.no/items/d2ac89e3fdc4baaf80c4c216f0c61044?page=0&searchText= 28. februar - 9. mars: Verdsmeisterskapen i ishockey gjekk av stabelen i Oslo.
Fødde mini|Madonna vart fødd 16. august
15. januar: Boris Tadić, serbisk president 24. januar: Frank Ullrich, tysk skiskyttar 22. februar: Torill Fjeldstad, norsk skirennar 28. mars: Elisabeth Andreassen, svensk-norsk songar 30. mars: Per Erling Olsen, norsk spydkastar 1. april: Toni Innauer, austerriksk skihoppar 29. april: Arne Johannessen, norsk organisasjonsleiar 10. mai: Harri Kirvesniemi, finsk langrennar 16. mai: Stephen J. Walton, britisk språkvitar og forfattar 25. mai: Torill Kove, norsk-kanadisk filmskapar 26. mai: Arto Bryggare, finsk friidrettsutøvar og politikar 30. juli: Kate Bush, britisk songar og låtskrivar 16. august: Madonna, USA-amerikansk songar og låtskrivar 20. august: Marius Müller, norsk musikar 29. august: Michael Jackson, USA-amerikansk musikar og låtskrivar 23. oktober: Liv Signe Navarsete, norsk politikar 25. oktober: Kjell Inge Røkke, norsk forretningsmann 16. november: Anne Holt, norsk forfattar
Døde mini|Tidlegare statsminister Oscar Torp døydde 1. mai
28. mars: Truls Ørpen, norsk musikar 4. april: Jens Ferdinand Willumsen, dansk målar 1. mai: Oscar Torp, norsk statsminister 9. juli: Gabriel Scott, norsk forfattar 16. juli: Birger Eriksen, norsk soldat 26. august: Ralph Vaughan Williams, britisk toneskapar 16. september: Olav Oksvik, norsk politikar 9. oktober: Pave Pius XII 14. oktober: Douglas Mawson, australsk oppdagar 9. desember: Rudolf Rocker, tysk forfattar 15. desember: Wolfgang Pauli, austerriksk fysikar
Notar