Revheim kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1865 i Stavanger kommune i Rogaland. Til grunn for kyrkja ligg typeteikningar av H.D.F. Linstow. Revheim kyrkje er soknekyrkje for Hafrsfjord og har om lag 300 sitjeplassar.Kyrkjesøk. Ifølgje Rogalands avis er kyrkja godkjend for 310 personar, men har ikkje plass til mange over 200.

Kyrkja vart restaurert og fornya i 1954, mellom anna med nytt korparti og eit nytt tilbygg mot aust. Det vart òg sett inn eit nytt altar, med altartavle måla av stavangermålaren Thoralf Gjesdal.

Revheim kyrkje vart delvis øydelagt i brann 1. august 1992 då to gutar på 17 år braut seg inn og sette fyr på altaret. I dagane før brannen vart ein kross frå ei gravstøtte utanfor kyrkja plassert opp ned utvendig på kyrkjeveggen. Brannen øydela altartavla måla av Gjesdal, og den gamle altartavla vart då teken i bruk att. Kyrkja vart gjenopna etter brannen 4. april 1993.Rasmussen (1993), s. 445.

Kyrkja vart rehabilitert i 2013–14.Årsmelding 2014 for Stavanger kyrkjegele fellesråd.

Revheim kyrkje har eigen kyrkjegard.

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kyrkjesøk – Revhem kirke

Kategori:Kyrkjer i Stavanger Kategori:Kyrkjer i Ytre Stavanger prosti Kategori:Kulturminne i Stavanger Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Bygningar teikna av Hans Linstow