Helleland kyrkje er ei langkyrkje frå 1832 på Helleland i Eigersund kommune kommune i Rogaland fylke. Kyrkja er lafta og har 500 sitjeplassar. Det har vore kyrkje på Helleland sidan mellomalderen.

Interiør og inventar Kyrkja har galleri i vest og langs delar av sør- og nordveggen. Tidlegare hadde ho fleire galleri.

Altartavla vart måla av sokneprest Thorvald Egidius Isaachsen og gjeven i gåve til kyrkja i 1905. Inntil då hadde det stått ein trekross på altaret. Tavla fekk ny omramming i 1932. Døypefatet og mykje anna inventar er overført frå gamlekyrkja.Helleland kyrkjelyd

Fotnotar

Kjelder Helleland kyrkjelyd

Bakgrunnsstoff

Eigersund kyrkjelege fellesråd – Helleland kirke

Kategori:Kyrkjer i Eigersund Kategori:Kyrkjer i Dalane prosti Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1832 Kategori:Kulturminne i Eigersund