mini|350px|Kartet ajour etter etableringa av Lofotodden nasjonalpark i juni 2018. Her manglar dimed Østmarka nasjonalpark, som vart oppretta i 2023. Nasjonalparkar i Noreg omfattar dei 48 nasjonalparkane i Noreg, derav 41 i fastlands-Noreg og 7 på Svalbard.
I Noreg blir nasjonalpark rekna som ei middels streng form for områdevern. Eit svakare vern er landskapsvernområde, medan det strengaste vernet er naturreservat. I motsetnad til landskapsvernområde og naturreservat, dekker nasjonalparkar som regel eit stort område. Ifølgje naturvernlova skal ein nasjonalpark hovudsakleg bestå av statsgrunn.Lov om naturvern av 1970 §3 «For å bevare større urørte eller i det vesentlige urørte eller egenartede eller vakre naturområder kan arealer av statens grunn legges ut som nasjonalpark. Grunn av samme art som ikke er i statens eie, og som ligger i eller grenser inntil arealer som nevnt i første punktum, kan legges ut som nasjonalpark sammen med statens grunn»
Noregs fyrste nasjonalpark var Rondane nasjonalpark, som vart oppretta i 1962. Per august 2013 har fastlands-Noreg 37 nasjonalparkar med eit samla areal på 25 000 km², medan Svalbard har 7 nasjonalparkar på til saman 14 500 km². Dimed er 7 % av det norske fastlandet og 24 % av Svalbard verna som nasjonalpark. Nasjonalparkane i Noreg består for det aller meste av høgfjellsområde, som har vore utsett for lite menneskeleg aktivitet og som utgjer viktige leveområde for artar som villrein og rovdyr. Fjellbjørk dominerer i skogområda som er verna som nasjonalpark i Noreg, men det er også etablert nasjonalparkar for å verne gamal urørt barskog. Kyst- og sjøområde har vore dårlegare representert, men har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra med opprettinga av nasjonalparkar som Ytre Hvaler og Færder.
Historia til nasjonalparkane i Noreg
Dei fyrste initiativa til naturfreding i Noreg kom på 1800-talet og var estetisk motivert, mellom anna med fredinga av Bøkeskogen i Larvik i eit stortingsvedtak i 1884.Ragnhild Sundby. «Natur og ressurser» I: Norges kulturhistorie. Bind 8. Underveis - mot nye tider. Aschehoug, 1981 Ei meir konsekvent haldning til arealfreding for å verne naturen kom fram på årsmøtet til Den Norske Turistforening i 1904]På årsmøtet til foreininga i 1904 lanserte formannen Yngvar Nielsen tanken om «å «halde av» ein del av Noreg». I 1917 skreiv botanikaren Hanna Resvoll-Holmsen om vern av Jotunheimen i årboka til foreininga, etter at Vassdragsvesenet hadde byrja å vurdere ei utbygging av Vinstra og Sjoa. Foreininga arbeidde i 1923 for freding av Gjende og Sjoa. Jfr Leif Ryvarden. «Å halde av ein del av Noreg» I: Den norske turistforenings årbok 1993; s 44ff, og i eit foredrag av professor Johan Nordal Fischer Wille i Det Norske Geografiske Selskab i 1909. Desse initiativa var ein del av mentaliteten som førte til den fyrste lova om naturfreding i 1910. Dei fyrste fredingssakene galdt mindre område, og til dels også punktfreding av namngjevne tre. I 1914 vart føreløparen til Norges Naturvernforbund, Landsforeningen for naturfredning stifta. I 1932 vedtok turistforeininga å «skåne» Børgefjell og syndre del av Hardangervidda for tilrettelegging i eigen regi, og i 1938 vedtok årsmøtet ei oppfordring til å opprette Jotunheimen nasjonalpark, ei sak som hadde støtte frå fleire hald på 1930-talet. mini|venstre|Rondane nasjonalpark, den fyrste nasjonalparken i Noreg, vart oppretta i 1962. I 1954 vart lov om naturvern etablert. Den gav heimel for freding av naturområde, og på grunnlag av denne heimelen vart Rondane nasjonalpark oppretta i 1962 og Børgefjell nasjonalpark oppretta i 1963. Sjølve omgrepet nasjonalpark vart ikkje innført i lova før naturvernlova vart revidert i 1970. I og med lova frå 1954 vart Statens naturvernråd etablert, og rådet la i 1964 fram ein landsplan for etablering av nasjonalparkar. Forslaget omfatta 16 områdeDei 16 områda var: Øvre Pasvik, Øvre Anarjokka, Stabbursdalen, Øvre Dividal, Ånderdalen, Saltfjellet, Børgefjell, Gressåmoen, Grytdalen (Songli), Dovrefjell, Femundmarka, Gutulia, Rondane, Jotunheimen. Femten av desse er sidan blitt nasjonalparkar, medan Grytdalen i Orkdal vart freda som Grytdalen naturreservat i 1992, på til saman 6300 km². Forslaget vart behandla i kommunalkomiteen på Stortinget i 1967, og komiteen og Stortinget støtta oppretting av 12 av dei 16 områda.Freding av Jotunheimen, Femundmarka og Saltfjellet vart utsett av omsyn til kraftutbygging, medan Anarjokka vart utsett av omsyn til bergverk. Spørsmålet om vern kontra vasskraft var tilbakevendande. I samband med Gabrielsen-komiteens utgreiing om vassdragsvern i 1963 hadde styret i NVE protestert, også mot premisset om ein landsplan for vernespørsmål. Ref: Ragnhild Sundby. «Natur og ressurser» I: Norges kulturhistorie. Bind 8. Underveis – mot nye tider. Aschehoug, 1981Sjå også Per Einar Faugli «Verneplan for vassdrag / National plan for protecting river basins from power development» i Norsk geografisk tidsskrift, 1977Den norske turistforenings årbok i 1969 hadde Nasjonalparker i Norge som tema, og gav ei fyrste samla populær oversikt over alle dei føreslåtte 16 områda Det tok 25 år, fram til fredinga av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark i 1989, før 15 av desse framlegga var blitt vedtekne. I løpet av denne tida var også Rago og Reisa freda.
Eit utval leia av Guttorm Hansen la i 1980 fram eit framegg om ei 3–4-dobling av verneområde.Olav Gjærevoll. «Våre nye nasjonalparker» I: Den norske turistforenings årbok 1993; s 23ff Dette vart følgt opp av Miljøverndepartementet i Stortingsmelding nr 68 (1980–81), og av Stortinget i 1981. Departementet gav i 1982 Statens Naturvernråd, under leiing av Olav Gjærevoll, i oppdrag å utarbeide ein ny landsplan for nasjonalparkar. Denne planen vart presentert i 1986.Ny landsplan for nasjonalparkar / frå ei arbeidsgruppe oppnemnd 3. september 1982 ; utgreiinga gjeven til Miljøverndepartementet april 1986. Oslo, 1986 (Norges offentlige utredninger ; NOU 1986: 13). ISBN 82-00-71038-6 – Internett-versjon (pdf) Planen omfatta framlegg om 26 nye nasjonalparkar, 14 landskapsvernområde og 3 større naturreservat. Planforslaget innebar freding av omkring 23 000 km². Denne planen vart lagt fram for Stortinget som Ny landsplan for nasjonalparkar og andre større verneområde i Noreg i 1992Stortingsmelding nr 62 (1991–92) frå Miljøverndepartementet, også kalla «Nasjonalparkplanen»., og behandla og vedteken av Stortinget i april 1993. Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 med bakgrunn i denne utgreiinga. Etter dette skulle det gå 10 år før Forollhogna vart oppretta i 2001, som «den fyrste av dei nye».Karl H. Brox. «Forelhogna – vår første "nye" nasjonalpark» I: Brennpunkt natur 1999. Tapir forlag, 1999. ISBN 82-519-1551-1
Framlegga i Nasjonalparkplanen omfattar mellom anna følgjande områdeOmråda skildrast i Den norske turistforenings årbok 1993; og, for nokre av dei, også i boka til Leif Ryvarden Norges nasjonalparker (2005) som enno ikkje er vedtekne: Goatteluobbal i Kautokeino; Lyngsalpane i Troms; Sørdalen-Isdalen i Bardu; Tysfjord Hellemo i Tysfjord, Nordland; Naustdal-Gjengedal i Sogn og Fjordane; og Frafjordheiane i Vest-Agder og Rogaland.
Det har heile tida vore grader av interessekonfliktar mellom verneinteresser og ulike utbyggingsinteresser. I etterkrigstida var det konfliktar mellom ulike nasjonale interesser, ofte vasskraftutbygging mot naturfreding. I dei siste 20–25 åra gjeld motsetningane vanlegvis lokal arealutnytting kontra verneinteresser.Inge Lorange Backer. «Forvaltningen – hva skjer med nasjonalparkene» I: Den norske turistforenings årbok 1993: Sitat: «På privat grunn kan det nok være duket for konflikter mellom grunneierens ønske om å utnytte eiendommen og behovet for vern, iallfall hvis det gjelder områder som tidligere har vært brukt på noen måte eller som har naturressurser for ny utnytting. Det kan gjelde utvinning av stein og minaraler, oppdyrking og oppføring av nye hytter og buer i gamle setergrender eller ved fiskevann, eller hogst i det som fra gammelt av har vært vedskog» Interessemotsetningane har kome tydelegast fram i tilknyting til Hardangervidda nasjonalpark, der heile 54 % av arealet er privat grunn.Gro Harlem Brundtland. «Nasjonalparktanken – i hvilken grad har vi lykkes» I: Den norske turistforenings årbok 1993 I den såkalla «Fjellteksten» som vart lagt fram av Bondevikregjeringa i revidert nasjonalbudsjett 15.5.2003 vart det opna for større grad av lokal verdiskaping og kommersiell reiselivsverksemd i nasjonalparkene.St.prp. nr. 65 (2002-2003); kapittel 3.13 MiljøverndeptThor Flognfeldt jr. «Bebyggelse og tilrettelegging i nasjonalparkene – en utfordring?» I Tidsskriftet Utmark; nr 2, 2005Terje Skjeggedal, mfl. «Ti år med «fjellteksten»» I Tidsskriftet Utmark; nr 1, 2013. Også publisert i Nationen, 4.6.2013
Nasjonalparkar i Noreg utanom Svalbard mini|Frå Hallingskarvet nasjonalpark mini|Frå Hardangervidda nasjonalpark mini|Frå Færder nasjonalpark mini|Frå Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark mini|Frå Øvre Dividal nasjonalpark NamnOpprettaFlatevidd km²Fleire av parkane har i seinare tid målt arealet på nytt digitalt. Dette blir rekna som meir nøyaktig enn tidlegare analoge mål, som det kan variere noko frå. Nye tal gjeld me. a. alle parkane på Svalbard. Kjelde for dei digitale måla er Naturbase (Direktoratet for naturforvaltning).FylkeYtre Hvaler2009 Østfold Østmarka2023 Akershus, OsloFulufjellet2012 Hedmark Gutulia 1968Hedmark Femundsmarka 1971Hedmark, TrøndelagForollhogna 2001Hedmark, TrøndelagRondane 1962Hedmark, OpplandDovre2003Hedmark, Oppland Dovrefjell-Sunndalsfjella2002Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Dovrefjell nasjonalpark frå 1974Oppland, Møre og Romsdal, TrøndelagReinheimen2006Oppland, Møre og RomsdalJotunheimen 1980Oppland, Sogn og FjordaneBreheimen2009Oppland, Sogn og Fjordane Langsua2011Langsua nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Ormtjernkampen nasjonalpark frå 1968Oppland Hallingskarvet2006Buskerud, Hordaland, Sogn og Fjordane Hardangervidda1981Buskerud, Telemark, HordalandFærder2013VestfoldJomfruland2013TelemarkRaet2013Aust-AgderFolgefonna 2005Hordaland Jostedalsbreen1991Sogn og FjordaneSkarvan og Roltdalen2004Trøndelag Blåfjella-Skjækerfjella 2004Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark vart oppretta som ei vesentleg utviding av Gressåmoen nasjonalpark frå 1970 TrøndelagLierne2004Trøndelag Børgefjell1963Trøndelag, NordlandSaltfjellet-Svartisen1989NordlandLomsdal-Visten2009NordlandSjunkhatten2010 Nordland Junkerdal2004NordlandMøysalen2003Nordland Rago1971Nordland Láhko2012Nordland Lofotodden2018Nordland Ånderdalen 1970Troms Rohkunborri 2011Troms Reisa1986TromsØvre Dividal1971TromsStabbursdalen1970 FinnmarkVarangerhalvøya 2006FinnmarkAnárjohka1976FinnmarkSeiland2006Finnmark Øvre Pasvik1970Finnmark
Nasjonalparkar på Svalbard thumb|220px|Nasjonalparkene på Svalbard Namn Oppretta Flatevidd km²På kartSør-Spitsbergen nasjonalpark 1973 1Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark1973 7Forlandet nasjonalpark1973 5Nordre Isfjorden nasjonalpark2003 4Indre Wijdefjorden nasjonalpark2003 6Van Mijenfjorden nasjonalpark2003/2021 2Sassen-Bünsow Land nasjonalpark2003 3
Sjå òg Nasjonalpark Verneområde i Noreg Verneområde på Svalbard
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liste over norske nasjonalparker» frå , den 14. august 2016.
Bakgrunnsstoff
Noregs nasjonalparkar Nasjonalparkane i Noreg hjå Miljødirektoratet Turistinformasjon om Nasjonalparkane i Noreg hjå VisitNorway Nasjonalparkene på Miljøstatus Forvaltninga av Noregs nasjonalparkar
Kategori:Utvalde artiklar 2016