Frentorish Bowie, kjend som Tori Bowie () var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Sand Hill i delstaten Mississippi som vart verdsmeister på 100 meter i 2017. Ho vann også gullmedalje i 4 x 100 m stafett under Sommar-OL 2016 og VM i friidrett 2017.

Karriere Bowie tok steget opp i den nasjonale eliten i sprint og lengdehopp i 2013-sesongen, med personbeste 11,14 sekund på 100 m og 6,91 meter i lengde. I 2014 vann ho 200 meter i DL-stemnet i Eugene på ny personbeste, 22,18 sekund. Ho vann 100-meteren i tre DL-stemne og sette ein glitrande personleg rekord med 10,80 i Monaco. I 2015 vann ho bronsemedaljen på 100 m då ho debuterte i friidretts-VM 2015.

OL-sesongen 2016 betra Bowie sin personlege rekord på 100-meter til 10,78 sekund i Eugene i delstaten Oregon. I Rio de Janeiro tok ho sølv på 100 meter, bronse på 200 m og fullførte medaljehaustinga då ho sprang USA inn til OL-gull i 4 x 100 m stafett, etter at Tianna Bartoletta, Allyson Felix og English Gardner hadde lagt grunnlaget.

27. mai 2017 i Eugene gjorde Bowie sitt livs beste 200-meterløp unna på 21,77 sekund. Under verdsmeisterskapen 2017 i august i London stupte ho over målstreken og tok gullmedaljen på 100 meter, ein hundredels sekund framom Marie-Josée Ta Lou frå Elfenbeinskysten. Bowie deltok ikkje på 200 meter, men fekk gleda av å sikre eit nytt gull til USA i 4 x 100 m stafett, saman med Aaliyah Brown, Allyson Felix og Morolake Akinosun.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje på 100 m – 10,86 OL 2016 i Rio de Janeiro: Gull i 4 x 100 m stafett (41,01), sølv på 100 m – 10,83, bronse på 200 m – 22,15 VM 2017 i London: Gull på 100 m – 10,85, og i 4 x 100 m stafett (41,82) VM 2019 i Doha: Nr 4 i lengdehopp – 6,81 m. Utslått i kvalifiseringa på 100 m (10,30=nr 24)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tori Bowie» frå , den 13. august 2017.

World Athletics

Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Lengdehopparar frå USA Kategori:Tresteghopparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019