Anselm Kiefer () er ein tysk kunstmålar og skulptør, fødd i Donaueschingen i Baden-Württemberg i Tyskland. Frå 1991 har han budd og arbeidd i Frankrike.
Kiefer har vore representert med verk på dei viktigaste internasjonale kunstutstillingane, som til dømes dOCUMENTA 6, 7 og 8 i Kassel i Tyskland og Veneziabiennalen (La Biennale di Venezia) i Venezia i Italia, og er kjøpt inn av galleri og museum i fleire land, mellom anna Astrup Fearnley Museet i Oslo.
Bakgrunnsstoff Astrup Fearnley Museets presentasjon av Anselm Kiefer
Kategori:Tyske målarar Kategori:Tyske bilethoggarar Kategori:Bilethoggarar frå 1900-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Bilethoggarar frå 2000-talet Kategori:Målarar frå 2000-talet