Go Bo Diddley er det andre albumet til rock and roll-pioneren Bo Diddley. Det vart gjeve ut i juli 1959. Albumet var det første studioalbumet til Diddley og det første han gav ut på Checker Records. Albumet vart rangert på 214. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Bakgrunn B-sida til singelen «Hush Your Mouth», «Dearest Darling», vart gjeven ut i juni 1958 og var òg på debutalbumet til Diddley. Den neste singelen hans, «Willie and Lillie», kom ut i november 1958 og så på dette albumet. «I'm Sorry»/«Oh Yea» kom så på singel i februar 1959 og nådde 17. plassen på Billboard si Hot R&B Sides-liste. Den neste singelen, «Crackin' Up» med B-sida «The Great Grandfather», kom ut i mai. Go Bo Diddley vart gjeve ut to månader seinare i juli. I november 1959 gav ut Diddley ut den mest populære singelen sin, «Say Man»/«The Clock Strikes Twelve» som vart ein hit som nådde 20. plassen på Billboard Hot 100. Resten av songane på albumet var berre albumspor, inkludert «You Don't Love Me (You Don't Care)» som Little Walter kalla «Roller Coaster» og gav ut på singel.

Innspeling Den originale innspelinga vart gjort i mono med ein Ampex-350 lydbandopptakar.Go Bo Diddley LP 1436 Sleeve Notes Songane «You Don't Love Me (You Don't Care)» og «Little Girl» var frå den første innspelinga til Diddley for Chess Records den 2. mars 1955.

Innhald

Medverkande I følgje plateomslaget Bo Diddley – vokal, gitar; fiolin på «The Clock Strikes Twelve» Peggy Jones – gitar, korvokal Jerome Green – vokal på «Say Man», maracas Willie Dixon – bass Clifton James – trommer Frank Kirkland – trommer Billy Boy Arnold – munnspel på «You Don't Love Me (You Don't Care)» og «Little Girl» Lafayette Leake – piano Otis Spann – piano

Andre versjonar Songen «Little Girl» vart spelt av den britiske R&B-gruppa The Yardbirds på albumet deira Five Live Yardbirds og var den første av tre Bo Diddley-songar på dette albumet. The Gants gav ut «Crackin' Up» på singel i 1966. Corey Harris spelte inn ein versjon av songen «Crackin' Up» på A Tribute to Bo Diddley. Songen vart òg spelt av Paul McCartney på Снова в СССР, og vart òg framført av The Rolling Stones. Det nederlandske bluesbandet Livin' Blues spelte songen «The Great Grandfather» i 1973 på albumet Ram Jam Josey.

Lister Singlar År Singel Plassering Billboard R&B Singles Billboard Hot 100 1959 «Crackin' Up» #14 #62 1959 «I'm Sorry» #17 - 1959 «Say Man» #3 #20

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Go Bo Diddley» frå , den 10. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1959 Kategori:Bo Diddley-album Kategori:Checker Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Leonard Chess Kategori:Album produserte av Phil Chess Kategori:Album produserte av Bo Diddley 216 455